[NUUG kart] Forenkling av GPX-spor

Guttorm Flatabø post at guttormflatabo.com
Sun Mar 3 16:31:34 CET 2013


Her er det eg brukar i eit lite skript:

gpsbabel -i gpx -f "$1" \
 -x transform,trk=rte,del \
# Gjer alle ruter om til spor og slettar rutene
 -x discard,hdop=6 \
# Slettar alle punkt med HDOP over 6, trur eg, tilråinga er ofter 4, men
det har ikkje fungert bra med mine spor frå mobiletelefon.
 -x duplicate,location \
# Slettar duplikate punkt, duplikat bestemt av same posisjon (kan også
gjerast bestemt av tidspunkt)
 -x position,distance=3m \
# Ikkje heilt sikker, heller ikkje sikker på om denne er nødvendig iogmed
neste
 -x simplify,crosstrack,error=0.003k \
# Den viktigste, forenklar sporet med «crosstrack»-metoden som skal halde
på forma på sporet, utan å introdusere meir enn 3 m forskjell frå før.
 -o gpx -F "$tmpfile"


2013/3/3 Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org>

> Hei!
>
> Før har eg brukt auto-funksjonen for lagring av GPS-spor på Garmin-en
> min, med alt sett til høgste nivå. Det funkar bra, men av og til er det
> greitt med høgare oppløysing, og i det siste har eg brukt lagring med
> 1 sekunds mellomrom. Men dette fører igjen til altfor detaljerte spor,
> som er lite eigna til opplasting til OSM. Så eg har behov for forenkling
> av spora.
>
> Kva er det beste verktøyet for dette? Naiv forenkling, som berre fjernar
> kvart n-te punkt, eller punkt som er x meter frå kvarandre, er ikkje bra
> nok, synest eg. Viss det er mykje «som skjer» på ei strekning, for
> eksempel der ein følgjer ein lang, slak sving, bør det vera mange punkt,
> mens på strekningar som er relativt rette, kan det vera få. Finst det
> eit program som tar omsyn til slikt? Kva program brukar de andre?
>
> Eg brukar for øvrig Linux (men kjøra dei fleste Windows-program gjennom
> Wine).
>
> --
> Karl Ove Hufthammer
> http://huftis.org/
> Jabber: karl at huftis.org
>
> _______________________________________________
> kart mailing list
> kart at nuug.no
> http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
>
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20130303/9552b791/attachment.htm 


More information about the kart mailing list