[NUUG kart] Sentralt Stedsnavnregister

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sat Mar 16 09:20:54 CET 2013


la. den 16. 03. 2013 klokka 09.01 (+0100) skreiv Vidar Gundersen:
> 3. Eller man kan gå motsatt vei: Masseimportere og la det bli
> duplikater, som man vil oppleve at over tid blir silt ut av
> bidragsytere til OSM. Fordelen med dette siste alternativet er at OSM
> baserte stedsnavnsøk blir forbedret.

Eller, som eg synest er best, ei *halvmanuell* masseimportering, der ein
går gjennom kvart objekt i SSR og legg det til i OSM eller slår det
saman med eit ekstisterande objekt (node, område, linje). Ved kvar
oppretting/samanslåing vert SSR-ID lagt til, slik at ein lett kan henta
ut statistikk om kor mykje som er importert og eventuelle forskjellar
mellom SSR og OSM (når det gjeld «name», bør det ikkje vera nokon).

Håpar SSR-dataa inneheld info om siste endringsdato/-tidspunkt. I OSM 
bør me då lagra SSR-ID-en og importdatoen (med f.eks. «no-ssr:»-prefiks),
og kan lett få oversikt over kva som er endra i SSR etter OSM-importen
(og som derfor bør sjekkast).

Med 650 000 objekt er dette noko som tar tid, men me er då rimeleg
mange, og har ikkje hastverk. Og ein kan godt prioritera dei viktigaste
objekta først (først byar, så tettstader osv., og bakkar og grøfter til
slutt). Målet bør uansett vera at alt som finst i SSR vert teken inn i
OSM.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list