[NUUG kart] Sentralt Stedsnavnregister

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Mar 21 21:45:33 CET 2013


on. den 20. 03. 2013 klokka 23.35 (+0100) skreiv Håkon Stordahl:
> > Dette betyr i praksis at SSR-dataa ikkje kan brukast i
> OpenStreetMap.
> 
> Jeg tenkte også det, men har nå blitt usikker. Men hvorfor ville Norsk
> lisens for offentlige data vært bedre? Den har jo også krav om
> navngivelse:

Ja. Det var to ting eg reagerte på: lisensen og dei strenge og
ufleksible krava om kreditering.

Eg er *usikker* på om *norsk* CC-BY 3.0 er kompatibel (andre som har
brukt likndande lisensar har så vidt eg kan sjå i tillegg gitt
eksplisitt løyve til dataa under ODbL). Mens norsk lisens for offentlige
data (som eg for øvrig synest er den lisensen som *bør* brukast for alle
offentlege data) har ein eksplisitt kompatiblitetsklausul for Open
Government Licence 1.0 og Open Data Commons Attribution License 1.0, som
begge er kompatible med ODbL.

Og uansett gjer dei ekstremt strenge (og etter mi meining urimelege)
krava til synleg kreditering at dataa ikkje kan brukast i OSM. Andre har
forklart dette meir utdjupande her på lista.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list