[NUUG kart] Vegdata fra kartverket

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon Aug 11 21:52:50 CEST 2014


må. den 11. 08. 2014 klokka 07.59 (+0000) skreiv Sverre Didriksen:
> >> Det har blitt foreslått å bruke contact: istedenfor addr: på
> butikker,
> >> kontorer osv.:
> >> http://lists.nuug.no/pipermail/kart/2014-July/004722.html
> >
> >Hørest ut som ei grei løysing. Så då gjer me slik:
> 
> Er vi sikre på at dette er lurt? Er dette en standardisert osm-tagg?
> Støttes dette av de forskjellige adressesøkene på nettet? Jeg vet ikke
> om det støttes av mkgmap og om det da vil fungere på Garminkartene jeg
> lager.

Det er noko standardisert, men eg er ikkje lenger sikker
på om det er lurt. :) Etter å ha sett litt på eksisterande addr:*-taggar
har eg komme til at kvaliteten er ganske varierande. Så det er i grunnen
ikkje noko lurt å kopiera dei over til contact:*.

I tillegg er vel eigentleg nytteverdien til contact:* heller tvilsam. I
teorien kan infoen brukast om du for eksempel vil senda brev til ein
aktuell Rema-butikk. I praksis vil du ikkje det (og dei vel gjerne også
postboks, ikkje vanleg gateadresse for post). Nytten av contact:* som
geografisk informasjon er minimal, då me jo alltid den faktisk
posisjonen til alle objekta i OSM!

Nytten av addr:* er derimot stor. Viss du skal til Storgata 27, tastar
du det inn på GPS-en, og vert vist veg.

Så eg foreslår at me heller gjer det slik:

Fjernar alle addr:*-taggar (kanskje utanom addr:housename,
men dette bør vel gjerne vera name i staden for, då me ikkje brukar
husnamn i offisielle adresser i Noreg, så vidt eg veit).

Ein liten ting til: Ser det er eit *absolutt* krav at me skal bruka
eigne importkontoar, ikkje vanlege brukarkontoar, sjølv om me er mange
som importerer. Foreslår at me standardiserer på kontoar med namn
«brukarnamn_elveg_addr_import», der «brukarnamn» er personens vanlege
brukarnamn.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list