[NUUG kart] Spørsmål om punkt vs område og søk

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon Aug 18 19:18:51 CEST 2014


må. den 18. 08. 2014 klokka 10.30 (+0200) skreiv Philip Gabrielsen:
> Jeg ser endel butikker er enten navngitt 2 ganger, med både omriss av
> butikken (område) og ett punkt med navnet, eller bare ett punkt med
> navnet. I mitt rare hode burde det være nok med navn på området,

Ja, det stemmer. Ein butikk skal *enten* vera ein bygning (eit område)
eller ein node, ikkje begge delar. Rimeleg generell regel: eitt verkeleg
objekt = eitt OSM-objekt.

Butikk som bygning fungerer berre i dei tilfella det berre er éin butikk
(eller meir generelt: éin POI) i bygningen. (Eigentleg fungerer det
ikkje så godt då heller, for eksempel med butikkar der dei øvre etasjane
er leilegheiter.)

> men jeg ser samtidig at da kan jeg ikke søke etter det hverken i
> BaseCamp eller på Garmin GPS enhenter. Er dette noe med
> eksporten/opprettelsen av kart for GPS (frikart.no/Sverre), eller er
> det vi som gjør noe galt?

Det er iallfall fullt muleg å få dei med på Garmin-kart,
ved å bruka --add-pois-to-areas i mkgmap (som vert brukt 
til å laga kart på frikart.no).

Så oppsummert: *Ikkje* tagg butikkar e.l. som både 
bygning og node; éin av delane held lenge.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list