[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Wed Jun 11 20:28:31 CEST 2014


on. den 11. 06. 2014 klokka 16.50 (+0200) skreiv Gorm E. Johnsen:
> Det burde være en smal sak å ekstrahere gatenavn fra samme kilde som
> adresse-importen?

Det har du rett i. Eg hadde ikkje heilt fått meg meg kor denne
datakjelda var, men har no funne ho. :)

Har gjort ein liten test, ved å sjå på Bergen (kommune/by).
Her har me den offisielle gatetabellen til Bergen, og kan derfor
lett samanlikna kvalitet og kvantitet i dei to kjeldene.

Filene er 0101Elveg.SOS og 0101Adresser.SOS, og eg køyrde rett og slett
(f)grep etter GATENAVN.

Det første eg legg merke til er inkonsistens mellom Elveg-fila og
Adresser-filer. I sistnemnte er alle apostrofar dobla, eks.:

Arnoldus Reimers'' gate

I Elveg-fil har same gate namnet

Arnoldus Reimers'' gate

Men dette enkelt å fiksa (og samtidig retta til ekte apostrof: ’).

Så ei samanlikning av dei resterande (med kommandoen «comm -3»).
Det er 1903 gatenamn i Gatetabellen og 1880 i Elveg (begge SOSI-filene).
Første kolonne her er frå Gatetabellen og andre er frå Elveg (alle
gatenamn som finst i begge kjeldene er altså fjerna):

Ambrosia Tønnesens plass
        C. J. Hambros vei
C.J. Hambros vei
        Cort Piil-Smauet
Cort Piil-smauet
        Dr Krohns veg
Dr. Krohns veg
Festplassen
        FOLLDALSHEIA
Folldalsvegen
Fredriksberg
Fritznersmauet
Gamle Breiviksveien
        Gamle Breivikveien
Gamle Vaksdalsvegen
        Garmann gate
Garmanns gate
        Georgernes Verft
Georgernes verft
Godvikskjenet
Gravdalsrinden
        J. L. Mowinckels vei
J.L. Mowinckels vei
Kjenndalssætra
Koengen
Lungegårdsgaten
Midtunstien
Mostølen
Møhlenprisboder
Nils Edvard Marthinussens vei
Norma Baleans plass
        Nøstebodene
Nøsteboder
        Ole Bulls plass
        Puddefjordsbroen
        Ross-Smauet
Ross-smauet
Rådstusmauet
Salhuslia
        Sandvikens Torggate
Sandvikens torggate
Sandviksstranden
Skjoldtræet
Spurvestien
Stallane
Storetveitrinden
Storrindlia
Svineryggen
        SØNDRE BEVERVEIEN
Søndre Møhlenprisveien
        Søre Vallavegen
Søre Vallaveien
Torvmyra
Ulrikke Pihls plass
        Vaksdalsvegen
Øvre Gyldenprisveien
        Åsane Senter
Åsane senter

Her kjem ikkje Elveg så bra ut. Der eit namn finst i begge listene, er
det Elveg-versjonen som er stava feil (kanskje
med unntak av Gamle Breivik(s)veien?). Og det er nokre veldig
rare variantar med STORE BOKSTAVAR.

Elveg er altså ikkje så altfor ille (for denne kommunen),
men langt frå perfekt. Men både feile forkortingar
(«J. L. Mowinckels vei», «Dr Krohns veg») og STORE BOKSTAVAR
kan me kanskje retta automatisk.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list