[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Jun 12 20:35:38 CEST 2014


on. den 11. 06. 2014 klokka 20.28 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
> Her kjem ikkje Elveg så bra ut.

Har testa litt meir. Eg kjenner ikkje til SOSI-standarden, så er det
nokon som veit om det der på nokon måte er markert namn som er
uoffisielle og ikkje bør brukast? (Eg brukar som nemnt berre grep
på GATENAVN, utan noka filtrering.)

Eg finn nemleg ganske rare gate-/vegnamn:

> # For Kautokeino
> fgrep '?' 2011*.SOS | uniq
2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Loa?kodievvá"
2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Loa?kosáttu"
2011Adresser.SOS:...GATENAVN "?orru"
2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Áv??iluodda"
2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Gartnetva??a"
2011Adresser.SOS:...GATENAVN "?uonjaluodda"
2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Áv??iluodda"
2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Loa?kosáttu"
2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Jok?aluodda"
2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Gea?genjunni"
2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Áv??iluodda"
2011Elveg.SOS:..GATENAVN "Loa?kodievvá"
2011Elveg.SOS:..GATENAVN "Loa?kosáttu"
2011Elveg.SOS:..GATENAVN "?orru"
2011Elveg.SOS:..GATENAVN "Gartnetva??a"
2011Elveg.SOS:..GATENAVN "?uonjaluodda"
2011Elveg.SOS:..GATENAVN "Jok?aluodda"
2011Elveg.SOS:..GATENAVN "Loa?kosáttu"
2011Elveg.SOS:..GATENAVN "Jok?aluodda"

Er altså samiske namn, men dei inneheld spørsmålsteikn, og er altså
ugyldige. Noko som har gått gale med teiknkodings-
konvertering hos Kartverket ein gong?

Og ja, dette er faktiske spørsmålsteikn, ikkje teiknkodingsproblem på mi
side. (Sidan eg køyrer UTF-8-system, brukte eg kommandoen
  iconv --from=cp1252 --to=utf8
før eg limte inn i e-posten.)

Ei lita åtvaring om teiknkodingsproblem til slutt. *Ikkje* bruk
programmet «recode» på filene. Det inneheld (i versjon 3.6 og tidlegare)
ein stygg feil der teikn 0x9E og 0x8F er bytt om. Dette er retta i
betaversjonen av 3.7. iconv fungerer derimot rett.

Enkel test:

echo $'---\x9E---' | recode windows1252..utf8 # Skal vera ž
echo $'---\x8E---' | recode windows1252..utf8 # Skal vera Ž
echo $'---\x8F---' | recode windows1252..utf8 # Skal vera tom

echo $'---\x9E---' | iconv --from=cp1252 --to=utf8 # Skal vera ž
echo $'---\x8E---' | iconv --from=cp1252 --to=utf8 # Skal vera Ž
echo $'---\x8F---' | iconv --from=cp1252 --to=utf8 # Skal vera tom

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list