[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Wed Jun 18 18:45:01 CEST 2014


No har eg fått svar frå Kartverket (sjå nedanfor). Ikkje spesielt
oppløftande tidshorisont for når dette vert fiksa, dessverre.

Kva skal me så gjera? Me bør *iallfall* ikkje importera
adresser/gatenamn for kommunar der det *kan* vera samiske namn.

Har sett litt nøyare på kva teikn som er brukt i .SOS-filene. I tillegg
til teikn 9E som nemnt i e-posten til Kartverket, er det brukt både 8A
og 9A. Så det er iallfall fri fantasi frå Kartverket si side at
SOSI-filene brukar teiknkodinga ISO 8859-10 (der det ikkje finst nokon
teikn med desse verdiane), slik det står deklarert i filene. Dette må
ein altså ta omsyn til ved ein eventuell import, og overstyra
TEGNSETT-deklarasjon i filene.

Med mindre det faktisk finst gater i Noreg som heiter

Joakim Brevolds allč
Storlčvegen

er det teiknkodinga Windows-1252 som er brukt. Då svarar č ovanfor til
è. Sjølvsagt feilstava det også – det heiter allé, ikkje allè – men det
er eit anna problem. Det finst for øvrig fleire tilsvarande
kvalitetsproblem i filene, for eksempel gatenamna

Alle`veien
Håkon den VII alle`
GÅRDSALLéEN

Så ein automatisk import av gatenamna/adressene er ikkje tilrådeleg!

Her er svaret frå Kartverket:

---------------
Hei

Dette er en kjent sak for oss og vi tok den faktisk opp på møtet med
matrikkelenheten forrige uke.

Så dette medfører at når vi henter gatenavn fra matrikkelen og skal
bruke dette i Elveg så blir det dessverre feil.

Matrikkelen har slitt med samiske tegn og tegnsett hele tiden – dette
skal nå være rettet i neste versjon av matrikkelen som kommer.

Så vi må bare jobbe videre med dette i de neste leddene i verdikjeden
her slik at vi får rettet opp i dette.

Men vi kan ikke love at dette er i orden ved neste leveransen av Elveg –
da vi også må involvere vegvesenet og de må gjøre sine endringer.

Så kan vel tidligst si at dette kommer ved første versjon i 2015 – slik
det ser ut nå i hvert fall.

Saken er sendt videre inn til matrikkelen nå slik at de ser direkte hva
kundenes problem er.
---------------


fr. den 13. 06. 2014 klokka 19.02 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer: 
> to. den 12. 06. 2014 klokka 23.40 (+0200) skreiv Kai Stian Olstad: 
> > > 2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Loa?kodievvá"
> > > 
> > > Er altså samiske namn, men dei inneheld spørsmålsteikn, og er >altså
> > > ugyldige. Noko som har gått gale med teiknkodings-
> > > konvertering hos Kartverket ein gong?
> > 
> > Det kan se ut som det er mangler i SOSI standarden.
> […]
> > Korrekt navn ihht Finn sitt kart er Loaòkodievvá, men ò er ikke dokumentert i 
> > SOSI 4.0 ser det ut til.
> 
> Takk for at du sjekka dette. Ein bør altså unngå å importera noko frå
> Elveg-datasettet før dette er fiksa. (Hyggeleg nok er namnet på vegane
> *rett* i OSM, men vert vist med «?»-teikn på Kartverket sitt offisielle
> kart på norgeskart.no. :) )
> 
> Eg har no fyrt av gårde følgjande e-post til Kartverket:
> 
> Hei!
> 
> Eg har nokre spørsmål om det nedlastbare Elveg-datasettet
> (Vegdata_Norge_UTM33_Geometri_SOSI.zip).
> 
> Har sett litt på det, og så vidt eg kan sjå inneheld SOSI-filene fleire
> teiknkodingsfeil. Alle .SOS-filene har teiknkodinga definert som ISO
> 8859-10 («TEGNSETT ISO8859-10»). Samtidig inneheld fleire av dei
> gatenamn med byte-verdi 9E (desimal 158). Men i ISO 8859-10 *eksisterer
> det ikkje* noko teikn med
> byte-verdi 9E, jf.:
> 
> https://en.wikipedia.org/wiki/ISO/IEC_8859-10
> 
> Det kan sjå ut som det er teiknet ž som er meint, då det finst på plass
> 9E i ei *anna* teiknkoding, Windows-1252, jf.:
> 
> https://en.wikipedia.org/wiki/Windows-1252
> 
> og det stemmer godt med dei ulike gatenamn. Eksempel er fila
> 2011Elveg.SOS, med gatenamn «Áv[9e][9e]iluodda», som nok skal vera
> «Ávžžiluodda».
> 
> Det er òg fleire filer der teikn er erstatta med spørjeteikn. Eksempel
> (frå 2011Elveg.SOS eller 2011Adresser.SOS):
> 
> ..GATENAVN "Loa?kodievvá"
> 
> Gata er òg vist med ? på norgeskart.no. Skal nok vera Loaòkodievvá.
> Andre eksempel:
> 
> ..GATENAVN "Gartnetva??a"
> ..GATENAVN "Gárevármá?ii"
> ..GATENAVN "?uonjaluodda"
> ..GATENAVN "?uvgesnjárga"
> 
> Dei to sistnemnte viser at ? ikkje *alltid* betyr ò. Her skal det vel
> vera Ò.
> 
> Fint om de kan retta opp i desse to problema.




More information about the kart mailing list