[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Fri Jun 13 19:02:25 CEST 2014


to. den 12. 06. 2014 klokka 23.40 (+0200) skreiv Kai Stian Olstad: 
> > 2011Adresser.SOS:...GATENAVN "Loa?kodievvá"
> > 
> > Er altså samiske namn, men dei inneheld spørsmålsteikn, og er >altså
> > ugyldige. Noko som har gått gale med teiknkodings-
> > konvertering hos Kartverket ein gong?
> 
> Det kan se ut som det er mangler i SOSI standarden.
[…]
> Korrekt navn ihht Finn sitt kart er Loaòkodievvá, men ò er ikke dokumentert i 
> SOSI 4.0 ser det ut til.

Takk for at du sjekka dette. Ein bør altså unngå å importera noko frå
Elveg-datasettet før dette er fiksa. (Hyggeleg nok er namnet på vegane
*rett* i OSM, men vert vist med «?»-teikn på Kartverket sitt offisielle
kart på norgeskart.no. :) )

Eg har no fyrt av gårde følgjande e-post til Kartverket:

Hei!

Eg har nokre spørsmål om det nedlastbare Elveg-datasettet
(Vegdata_Norge_UTM33_Geometri_SOSI.zip).

Har sett litt på det, og så vidt eg kan sjå inneheld SOSI-filene fleire
teiknkodingsfeil. Alle .SOS-filene har teiknkodinga definert som ISO
8859-10 («TEGNSETT ISO8859-10»). Samtidig inneheld fleire av dei
gatenamn med byte-verdi 9E (desimal 158). Men i ISO 8859-10 *eksisterer
det ikkje* noko teikn med
byte-verdi 9E, jf.:

https://en.wikipedia.org/wiki/ISO/IEC_8859-10

Det kan sjå ut som det er teiknet ž som er meint, då det finst på plass
9E i ei *anna* teiknkoding, Windows-1252, jf.:

https://en.wikipedia.org/wiki/Windows-1252

og det stemmer godt med dei ulike gatenamn. Eksempel er fila
2011Elveg.SOS, med gatenamn «Áv[9e][9e]iluodda», som nok skal vera
«Ávžžiluodda».

Det er òg fleire filer der teikn er erstatta med spørjeteikn. Eksempel
(frå 2011Elveg.SOS eller 2011Adresser.SOS):

..GATENAVN "Loa?kodievvá"

Gata er òg vist med ? på norgeskart.no. Skal nok vera Loaòkodievvá.
Andre eksempel:

..GATENAVN "Gartnetva??a"
..GATENAVN "Gárevármá?ii"
..GATENAVN "?uonjaluodda"
..GATENAVN "?uvgesnjárga"

Dei to sistnemnte viser at ? ikkje *alltid* betyr ò. Her skal det vel
vera Ò.

Fint om de kan retta opp i desse to problema.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list