[NUUG kart] [Imports] N50 imports from Kartverket (The Norwegian Mapping Authority)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sat Jun 21 22:03:33 CEST 2014


la. den 21. 06. 2014 klokka 20.52 (+0200) skreiv Tor:
> Here are the OSM files from the conversion of the “arealdekke” date
> set for the municipality of Lyngen: <http://mehus.dk/osm/lyngen.zip>.
>
> The SOSI file has been converted to shape with ogr2ogr. 

Har du sjekka at SOSI-filene er gyldige? Eg tok nemleg og såg på
GeoJSON-versjonen av arealdekke-datasettet (sidan eg synest det er
altfor mykje stress å kompilera SOSI-biblioteket og alt det der), og
fann veldig mange geometrifeil. Fann for eksempel polygon som kryssar
seg sjølv (og som dermed altså ikkje *er* gyldige polygon).

Det endte opp med at eg måtte gje opp å bruka datasettet, sidan
programvara mi (GEOS-biblioteket) er særdeles lite begeistra for
ugyldig geometri.

Eg veit ikkje om dette gjeld SOSI-filene, men det er godt mogleg, då dei
jo skal representera dei same dataa.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list