[NUUG kart] Veier med punktum mangler mellomrom

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Fri Oct 10 20:49:35 CEST 2014


on. den 08. 10. 2014 klokka 23.24 (+0200) skreiv Ruben Undheim:
> Jeg har lagt inn mange flere korrigeringer i
> https://github.com/rubund/addrnodeimport/blob/master/xml/corrections.xml
> . Kan du Karl Ove (evt. noen andre) sjekke de nederste bolkene der og
> si om jeg har forstått dette riktig?

Nokre kommentarar om dei *øvste* bolkane. Her er vel ikkje alt riktig?
Skal ?orru faktisk vera Čorru? Skal vel heller vera Òorru:
http://www.openstreetmap.org/way/193387696
Og korleis vart Stuorragea?gi til Stuorraluohkká?
Og Jok?aluodda skal vel vera Jokòaluodda, ikkje Jokŋaluodda.
Alle dei samiske namna bør korrekturlesast (trur dei samiske gatenamna
som er lagt inn i OSM er riktige – dei er iallfall manuelt sjekka).

Merk for øvrig at teiknkodinga i fila frå Kartverket *ikkje* er den som
er oppgitt (ISO 8859-10), men heller Windows-1252.
Dette vil føra til problem for dei (få) teikna som er forskjellige i
desse teiknkodingane.

Når det gjeld nedste bolk, ser ting stort sett rett ut, men eg *trur*
forkortingar med meir enn éin bokstav skal handterast som vanlege ord,
altså eks. «Ch. D. Kohmanns veg», ikkje «Ch.D. Kohmanns veg». Men dette
bør me få avklart av Språkrådet.

Og «Sigbjørn K. Tonstad veg» skal vel vera
«Sigbjørn K. Tonstads veg» etter norsk rettskriving (men det er det
første som gjev flest treff på Google).

«Alle`veien» skal nok endrast til «Alléveien», ikkje «Alleveien».

«Håkon den VII alle`» til «Håkon den VIIs allé», ikkje «Håkon den VII
alle» (altså to feil).

Frå den midtre bolken: «Haakon 7’s gate» er ikkje i tråd med norsk
rettskriving. Det må enten vera «Haakon [den] 7.s gate» eller «Håkon
VIIs gate». Her so jo heilt klart den siste  varianten best ut, men veit
ikkje kven av dei som er rett. Kor i landet ligg gata?

Desse to ser også ut til å ikkje vera i tråd med norsk rettskriving:

Knoph’s vei
St. Croix gate

Men gjev mange treff på Google (og med ulike fantasifulle forsøk på å
skriva apostrof på, som ` …). Så om me ikkje kan retta dei, bør dei
meldast inn til Kartverket.

Trur ei god løysing vil vera å senda (den endelege utgåva av)
corrections.xml til Kartverket, pluss ev. eit tillegg med dei namna me
er usikre på.

Her er for øvrig éin feil eg har funne før (ser eg på ein tidlegare
e-post), men som ikkje er med på lista:

GÅRDSALLéEN

Og to til:

Joakim Brevolds allč / Joakim Brevolds allè
Storlčvegen / Storlèvegen

(Varianten før skråstreken er om ein tolkar filene frå Kartverket som
ISO 8859-10, som dei påstår å vera, og varianten etter er om ein tolkar
dei som Window-1252, som dei faktisk ser ut til å vera.)

Bør ta eit søk etter alle namna som inneheld è (eller č). Desse vil
truleg vera allé stava feil. Det *finst* ord med è på norsk, men eg
tvilar på at dei finst i gatenamn (sjølv om «Crème fraîche-gata» jo
høyrest litt «fresjt» ut :) ).

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list