[NUUG kart] Spørsmål om adresser

Gnonthgol gnonthgol at gmail.com
Tue Oct 14 09:42:45 CEST 2014


Den 14. okt. 2014 07:27, Philip Gabrielsen skreiv:
> Så over til spørsmålet mitt, når det gjelder adresser, så er jo dette punkter fra importen, mens noen hus (polygon) har også husnummer. Skal man da fjerne adressen på huset eller fjerne noden (typisk fra import)? Og det burde legge premissene for når man skal legge inn adresser som ikke finnes, skal/kan adresser ligge på polygon?

I OSM er det vanlig at adressa er merka på noden i polegonet som 
markerer inngangsdøra til huset, helst med building=entrance også. Dette 
er fordi det er ofte der ein ønskar å komme til dersom ein skal til 
adressa. Dersom dette punktet ikkje er kjent kan ein sette adressa på 
sjølve polegonet. Når ein er ute i terrenget bør ein vere observang på 
slike polegon og prøve å finne inngangsdøra. Dersom ein bygning ikkje 
har eit kjent polegon skal adressa merkast med eign node, helst så nært 
inngangsdøra som mulig.

Dataa frå Kartverket pleier også å følge desse retningslinjene. 
Adressepunkta ser ut som dei er på inngangsdøra eller midt i huset. Når 
ein importerer er dette noko ein må sjå på når ein går gjennom nodene 
manuelt. Ein må bedømma kva adressepunkt er best av det som er i OSM og 
det som er i dataa frå Kartverket. Dersom det er eit polegon for bygget 
må ein kansje knytte dette opp til adressa. Anten ved å legge til 
adressenoden til vegen som markerer polegonet eller dersom inngangsdøra 
ikkje er kjent flytte adressemerka over på polegonet.

Med JOSM og pluginen 'todo' og muligens 'continuous download' er det 
lettare å gå gjennom store mengder objekt manuelt. Begge er utvikla av 
undertegnede.

Det har vert ein del diskusjon om korleis adresser skal merskast i OSM, 
men då særlig i tilfeller der eit hus eller ei inngangsdør har fleire 
adresser. Det er lite heldig at det er fleire nodar oppå kvarandre.

Gnonthgol


More information about the kart mailing list