[NUUG kart] Adresseimporten

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sun Sep 7 10:26:47 CEST 2014


su. den 07. 09. 2014 klokka 00.41 (+0200) skreiv Helge Olav Helgesen: 
> Slik jeg forstår det nå er diskusjonen todelt:
>      1. Adresser på amenities og shops (og andre typer tags) - om de
>         skal fjernes i sin helhet eller brukes for å gi full
>         beskrivelse av et objekt. 
>      2. Adresser som brukes primært for adressesøk - eksisterende
>         noder og bygninger som er beskrevet med adresse. 

Eg har eit forslag som bevarer informasjonen utan at det vert noko
problem med ueintydige adresser og dårleg adressekvalitet:

For alle eksisterande addr:*-taggar på POI-ar, bygningar osv., endrar me
dette til contact:*, per Bremen-systemet:
http://wiki.openstreetmap.org/wiki/House_numbers/Bremen_Schema

For øvrig, om ein ikkje ønskjer å gå vekk frå duplikate addr:*-taggar,
og faktisk synest dette er ein god idé (noko eg ikkje klarar å forstå,
og ikkje har høyrt nokon gode argument for, men det er ei anna sak), kan
ein heller ta han heilt ut i andre retninga, og importera adressene og
samtidig (heiltautomatisk) legga til addr:* på *alle* butikkar, museum,
statuar, telefonkioskar, postkassar osv.

Men å gjera noko halvvegs synest eg er ein endå dårlegare idé, sidan me
no *har* *fullstendige* adressedata, og kan få komplett
adresseinformasjon for heile Noreg i OSM.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list