[NUUG kart] Waterways

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Fri Aug 14 17:52:49 CEST 2015


Den 13. aug. 2015 22:52, N/A N/A skreiv:
> Om folk har det så travelt at dei ikkje gidd legge på skikkelege tags så er jo det eit problem.
> Overser du tag så bør du ta deg betre tid.

Eg har brukt *lang* tid, og tar meg god tid. Likevel glipper det. Det er 
utruleg tidkrevande å sjekka og oppdatera source på alle objekt (dvs. 
alle vegar objektet består av og alle nodane objektet består av), og 
nytteverdien for andre oppfattar eg som omtrent null. Så sjølv om eg 
prøver, glipper det.

> Ein vil heller ikkje sjå source når ein redigerer noko dersom source var kun gitt i changeset.

Nei, og dette er ikkje noko problem. Men *viss* ein er interessert i 
kjelda endringane over tid, kan ein lett gjera det.

> Kor gamle var N50 data for kysten der det vart betre? Om du meiner Bing er betre enn N50  så er du på villspor svært ofte. Bing kan vere mange meter feil.

Bing kan vera fleire meter feil, ja, men N50 er kystlinje generalisert 
til ein målestokk på 1:50 000 (dvs. veldig lågt zoom-nivå, i 
OSM-terminologi), og er *betydeleg* meir unøyaktig. Bing er stort sett 
kjempenøyaktig i forhold til N50!

Den einaste *offentleg tilgjengelege* kjelda på kystlinjedata frå 
Kartverket som er betre enn Bing er FKB (laga for målestokk 1:500, dvs. 
røft rekna 100 gongar så nøyaktig som N50 i dei beste tilfella), men det 
kan me ikkje bruka, sidan me ikkje får lov av Kartverket.

Det stemmer forresten ikkje heilt at FKB hadde vore det beste 
utgangspunktet. Kartverket har òg laga eit kjempeflott datasett som 
berre inneheld kystkontur, men dette er *verken* tilgjengeleg som kart 
eller datafil for andre enn deltakarar i Norge digitalt (eg har arbeida 
med dette datasettet i ein jobb der eg hadde tilgang til det, og kjenner 
derfor til det). Dette hadde vore det beste utgangspunktet. Fann 
forresten litt offentleg info om det her: 
http://geoforum.livesite.no/kurs-og-konferanser/publiserte-foredrag/2011/geodesi-og-hydrografidagene/copy_of_felles-kystkontur/at_download/file#

Ein liten detalj ang kystlinjer frå Bing og Mapbox Satellite: Bing er 
ofte mykje betre på kystlinjer enn på andre objekt, sidan kystlinjer per 
definisjon er ~0 meter over havet, så mangel på (korrekt) 
ortorektifisering sjeldan vil vera noko stort problem (unntak finst nok).

>   Det er også ikkje alltid like lett å sjå kvar kystlinja bør gå mtp på flo og fjøre.
> Så langt eg kan sjå brukar Kartverket flo sjø for å setje linja på lange grunnar i sjøen.

PDF-en eg viste til har ein super illustrasjon over ulike definisjonar 
av «meter over havet» som vert eller som har vore brukt. Det er mange 
forskjellige! (Kva som er meint med «x meter over havet» kan vera 
avhengig av om ein snakkar om høgder på fjelltoppar, høgder på bruer, 
kystkontur, høgder på landkart, djupner på sjøkart, og før eller etter 
1954, sør eller nord for Utsira. :) )

> Burde vore eit system som hindrar mange i å bruke Bing :P Det lagar ofte meir problem.

Ekstremt ueinig. Eg har hatt veldig store nytta av å gå i terrenget (og 
byen) med OSM-kart der folk har bidratt med data frå Bing, og synest 
Bing er noko av det beste som har skjedd med OSM-prosjektet (alle mogleg 
ære til Microsoft for det).

-- 
Karl Ove Hufthammer


More information about the kart mailing list