[NUUG kart] Waterways

N/A N/A gazer2175 at hotmail.com
Thu Aug 13 22:52:56 CEST 2015


Om folk har det så travelt at dei ikkje gidd legge på skikkelege tags så er jo det eit problem.
Overser du tag så bør du ta deg betre tid. Ikkje rart det blir mykje rot om folk berre endrar på ting utan å sjekke diverse tags.
Så akkurat den argumentasjonen kjøper ikkje eg.

Ein vil heller ikkje sjå source når ein redigerer noko dersom source var kun gitt i changeset. Til og med history vinduet i JOSM visar ikkje source info på tidlegare endringar iirc.

Kor gamle var N50 data for kysten der det vart betre? Om du meiner Bing er betre enn N50  så er du på villspor svært ofte. Bing kan vere mange meter feil. Det er også ikkje alltid like lett å sjå kvar kystlinja bør gå mtp på flo og fjøre.
Så langt eg kan sjå brukar Kartverket flo sjø for å setje linja på lange grunnar i sjøen.

Burde vore eit system som hindrar mange i å bruke Bing :P Det lagar ofte meir problem.
Har nesten heilt slutta bruke Bing som hovudkjelde. Er kun eit supplement når det er nok andre data til å rette på plasseringa av Bing.
Kanskje Bing ein dag får georef med Kartverket sine opne DEM data.

Dette problemet vil så langt eg forstår ikkje vare så lenge. Kartverket har vel planar om å gi ut FKB som opne data i framtida. Er vel snakk om i løpet av 2017.

________________________________________
From: kart-bounces at nuug.no <kart-bounces at nuug.no> on behalf of Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org>
Sent: Thursday, August 13, 2015 9:54 PM
To: kart at nuug.no
Subject: Re: [NUUG kart] Waterways

Den 13. aug. 2015 20:40, N/A N/A skreiv:
> Er veldig greit med source på ways som har ulik source.

Veldig ueinig. Det er jo eit problem at eit objekt kan ha mange kjelder,
og «source»-taggen vert veldig fort utdatert.

> Kun bruke source på changeset er veldig lite informativt.

Tvert imot. Det seier jo nettopp kva som er kjelda til endringa.

> Om eg redigerer ein bit av f.eks. ei elv som er lagt inn med Karvernet N50 så splittar eg og endrar source til f.eks. Bing for den biten. Då kan delar av same way vere N50 både før og etter.

Og dette er svært lett å oversjå for oss som redigerer. Eg forbetrar ein
del på vatn/innsjøar vha. Bing, og går ikkje inn og sjekkar kvart
linjestykke for å sjekka/endra source-taggen der; eg retttar dei nodane
eg ser «dårlege» og legg til nye. Det same gjeld sjølvsagt vegar,
bygningar osv. Resultatet er at source-taggen vert utdatert, slik han er
overalt i OSM. Og slik vert det uansett kor påpasseleg ein prøver å
vera. Den praktiske verdien til source-taggen er minimal, og eg meiner
han gjer større skade enn nytte.

> For kysten vår så er nok PSG snart historie. Alt vil bli erstatta med Kartverkets N50 data eller betre.

Glad du skriv «eller betre». Dette må gjerast manuelt. Eg har forbetra
store delar av kystlinja i ein kommune, og resultatet er *betydeleg*
betre enn N50. Så alle utbytingar av kystlinjer må gjerast manuelt. (Og
nei, source-taggen er ikkje ei påliteleg kjelde til kor data kjem frå
her heller.)

--
Karl Ove Hufthammer
_______________________________________________
kart mailing list
kart at nuug.no
http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart


More information about the kart mailing list