[NUUG kart] SSR Sentralt Stedsnavnregister import

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Jul 30 11:16:33 CEST 2015


Den 29. juli 2015 21:08, Tor skreiv:
>> Tenker at ein må dele opp SSR i kategoriar.
>
> Enig. Da kan kanskje importen deles opp i såpass små biter at det blir
> håndterlig for de som synes at en hel kommune blir uoverkommelig stort;
> og så er det kanskje noen som ønsker å prioritere å få på plass enkelte
> kategorier, f.eks. alle fjelltopper.

I staden for å laga hundrevis av filer for kvar kommune, vil eg heller 
anbefala å bruka filterfunksjonen i JOSM. Denne er svært kraftig og 
fleksibel. Ein kan for eksempel laga filterreglar av typen «natural=peak 
or natural=water» for berre å visa (ev. skjula, ev. gråa ut) fjelltoppar 
og vatn. (Merk at kvart filter har *tre* avkryssingsboksar som styrer 
kva effekt det har.)

Eg har no lagt ut CSV-filer frå ssr2osm-skriptet for alle kommunar, på:
http://geo.huftis.org/osm/ssr/

Det er berre å opna filene i JOSM og trykka «OK» på første spørsmål, så 
har ein alle namna som JOSM-objekt, og kan ev. fletta dei inn i 
eksisterande objekt (eller kopiera dei inn som nye).

Ver for øvrig obs på denne feilen i JOSM, som kan vera litt irriterande 
når ein arbeider med filene: https://josm.openstreetmap.de/ticket/10350

-- 
Karl Ove Hufthammer
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20150730/7a42a581/attachment-0001.htm 


More information about the kart mailing list