[NUUG kart] SSR Sentralt Stedsnavnregister import

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Jul 30 11:23:32 CEST 2015


Den 29. juli 2015 17:43, N/A N/A skreiv:
> Tenker at ein må dele opp SSR i kategoriar. Namn på tettstad, 
> gardsnamn og liknande for seg sjølv. Her må bruk av "hamlet" vere god. 
> Sett fleire små plassar som har fått "village" som er alt for små til 
> denne.

Det stemmer. SSR-data er ikkje gode for å seia om ein plass er village, 
hamlet, neighbourhood eller locality (eller noko heilt anna). Som med 
*alt* frå SSR så må ein manuelt vurdera tagginga *i kvart enkelte 
tilfelle*. Det som skriptet kjem med er berre eit *forslag*, som gjerne 
er feil/ikkje-optimalt.

Dette er svært viktig. Eit alternativ hadde vore å ikkje hatt med noko 
forslag til tagging i det heile tatt, for å unngå at folk stolar blindt 
på automatikken. Men eg synest det er betre å ha med automatiske 
forslag, då dei *kan* vera svært arbeidssparande (og er nyttige til 
filtreringa, for eksempel viss ein berre vil importera namn på vatn). 
Men det krev at folk er veldig observante når dei tar dataa i bruk.

-- 
Karl Ove Hufthammer


More information about the kart mailing list