[NUUG kart] place=town vs village vs city

Bjørn Kvisli bjorn.kvisli at mailbox.org
Sun Mar 5 12:21:39 CET 2017


Jeg er enig i dine betraktninger.  Man bør ikke bindes av uvedkommende byråkratiske regler som kan føre til virkelighetsfjerne kart. -Bjørn


Sendt fra min Samsung Galaxy-smarttelefon.
-------- Opprinnelig melding --------Fra: N/A N/A <gazer2175 at hotmail.com> Dato: 05.03.2017  01:37  (GMT+01:00) Til: kart at nuug.no Emne: [NUUG kart] place=town vs village vs city 


Hei,



Kan ikkje hugse å ha sett ein grundig diskusjon rundt dette.



På wiki'en så står det faktisk at stader med by status skal taggast med "town", medan andre skal taggast "village".
Eit slikt rigid system vil lage litt rare kart. Ein tettstad som ikkje har by status får "village" og er kanskje 5-10 gongar større ein ein stad som har by status.

Bystatus i dag har så liten verdi at det blir feil å bruke dette.



Blir i mine auger litt feil å tagge ein tettstad med under 2000 innbyggjarar og ingen vidaregåande utdanning osv som "town". Når ein då i tillegg brukar same tagg på stader som har opp mot 100K så blir det eit stort sprang.



Ein bør etter mi meining så på den regionale viktigheita av staden for å vurdere "town" vs "village".
Er det eit handels sentrum for området, har det vidaregåande skular osv.



Eit godt eksempel på utslaget av det som står i wiki: 

Vossevangen med omlag 6300 innbyggjarar i sentrum og fleire vidaregåande skular samt eit større sjukehus skal altså taggast med "village" då den ikkje har by status. Samtidig så skal Otta med sine rundt 1150 innbyggjarar og ingen vidaregåande skule osv. taggast
 med "town" fordi denne har by status.








Det står også at place=city er for stader med over 100K som då vil bety at byar som Kristiansand, Trondheim, Bodø og Tromsø skal taggast som "town" og ikkje "city".





For denne biten så meiner eg heilt klart at desse må framleis ha place=city.

Men då har ein jo eit dilemma. Bodø har vel 40K så då kunne jo faktisk byar som Fredrikstad, Sarpsborg, Skien, Sandnes og Sandvika i Bærum også bli tagga "city" for dei har fleire innbyggjarar.





Mitt forslag er at byar som fekk by status før 1996 får "town" eller høgare, medan stader som har gjeve seg sjølv by status bør vurderast som eg nemnde over.

Ein må så lage ei liste over desse 40(per i dag) og verte einige om kva tagg desse skal ha.





For "city" bør ein også verte einige om kva som skal vere kriteria. Er 100K litt drygt for Norge?

Skal vi redusere det til 40K innbyggjarar, eller berre bruke dei største regionale byane som no. Altså Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim, Bodø og Tromsø.





Kva tenker andre om dette?





Jan T



-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: https://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20170305/f0dc43df/attachment.html 


More information about the kart mailing list