[NUUG video] Hjelp søkes - capturing videostreams on linux

Odin odin.omdal at gmail.com
Thu Feb 3 12:18:22 CET 2011


2011/2/3 Petter Reinholdtsen <pere at hungry.com>:
> [Robert Engels]
>> We are currently working on some exiting stuff for a
>> museum/experience center.  One of the applications we are building
>> is a station where people can record a video of themselves (like in
>> a photo-boot, but now with video).

[Eg synast å hugsa at du brukte norsk på semantisk seminar i Sogndal,
so eg skriv på norsk]

Eg har gjort ein jobb for Barnemuseet i Stavanger med video og linux.

To forskjellege greier, - eit *robust* videovisningssystem som er
veldig enkelt (for visning av video i loop).  Ein kiosk-greie med
sandboxa flash. Og det siste er videovisningssystemet med rørslesensor
(video startar når folk står framfor skjermen).

>> For this goal we would like to get some help from NUUG members on the
>> following:
>>
>> - does there exist any linux based software/drivers that let us control
>>   a videocamera (we aim at a HD-webcam)?

Det er vel HD som er stikkordet her. Eg har brukt fleire gode
videokamera i SD, -- og eit par vevkamera i SD (t.d. for
rørslesensoren), men ikkje kome til HD. Men slikt burde jo vera kjapt
å finna ut med a) finna hardware som toler det, og so b) søkja etter
erfaringar på internett.

Programvare, -- vel, det enklaste er nok å berre skriva noko kjapt
sjølv. Å bruka v4l til å grabba video, eller t.d. dvgrab (han tek t.d.
hdv, veit berre ikkje om det gjeng live (eg hev DVCPROHD-kamera)).

>> - anyone who succeeded in using a linux driver to take control over  an
>>   HD-webcam for such a task?

Korleis tek du kontroll over eit vevkamera i det heile teke? Skal du
ha motorar i det? Med SD og firewire, so er det iallfall mogleg å
kontrollera kamera (zoom og fokus og tallylight o.l.), det hev eg
testa ein gong. Å grabba bilete

>> - other tips on who to ask/where to look?

Burde eigentleg vera eit greit prosjekt, det. Eg kann ikkje sjå at det
burde vera særleg vandskeleg. Altso, dei delene du forklarte i
eposten.

Du hev vel god linuxkompetanse sjølv, so dersom kommunen ikkje hev
budsjett på det so er det vel berre å bruka ein dag eller to på å få
til ei fungerande løysing. :-)

>> We would be very grateful to receive some tips/help/discussion,
>> we're kind of stuck on this issue.  Professional help can ultimately
>> also be of interest, but as this is a project for the municipality,
>> there are no large budgets available.
>>
>> If you feel you can help out, please drop a note at linux-tips at esis.no .

Sikkert fleire her som hev innspel, tankar og idèar. Me hev som gruppe
drive mest med vevkasting, men sidan dei fleste av oss er ålment
interesserte i det, so hev me nok ein god del forskjelleg erfaring
utover det òg :-)

-- 
Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal <odin.omdal at gmail.com>
http://velmont.no


More information about the video mailing list