[NUUG kart] Stadnamn i Angedalen på OpenStreetMap

Guttorm Flatabø post at guttormflatabo.com
Tue Mar 20 12:53:57 CET 2012


Hei,

eg har blitt kontakta av Ragnar Indrebø <rindrebo at online.no>, som står bak
eit prosjekt som har samla inn tusenvis av stadnamn i Angedalen i
Førde<http://www.automatisering.no/web2/stadnamn.asp?navn=Angedalen>(sjå
søk til venstre på sida), eit prosjekt som burde ha passa perfekt for
OpenStreetMap om dei hadde kjent til det. Tenarane og det eksisterande
utdaterte opplegget skal permiterast i sommar, og han ser etter ei
vidareføring. På grunn av den tekniske plattformen, truleg ingen
geografiske koordinat, bruk av kartverk-kart, og mange ulike bidragsytarar,
er det ikkje akkurat berre enkelt å overføre dataane direkte til
OpenStreetMap, men eg forstod det slik at Ragnar var open for å gjera ting
på nytt. Ein må nok jobbe med tagging også, sidan han truleg har namn på
ein god del greier som ikkje er tagga i OSM før (ei "ur", til dømes).

Eg skriv mest til Eirik, sidan han er Førdianar, men det kan jo hende andre
har erfaringar med liknande, for eg veit at det er mange som har liknande
prosjekt rundt om i bygdenorge (Fylkesatlas for Sogn og
Fjordane<http://fylkesatlas.no>har fleire slike databasar), og
muligens har erfaringar om tagging, korleis
deltakarane kan konverterast til OSM, etc.

--
Guttorm
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20120320/7f1b0e8c/attachment.htm 


More information about the kart mailing list