[NUUG kart] Taging av highway med fysisk midtdeler
Karl Ove Hufthammer
karl at huftis.org
Mon Sep 13 17:36:01 CEST 2010
Monday 23. August 2010 skreiv Gustav Foseid:
>> I engelsk heter det "dual carriageway" - har OSM noen tag til det ?
>
>Nei. Det skal tegnes som to separate, envegskjørte veger.
Det litt artige er at dette gjer at ruting gjerne fungerer *betre* med OSM-
kart enn med Statens kartverk sine kart når det er vegar med separate
kjørebaner (eks. 2 + 2). Grunnen er at «lås til veg»-funksjonen i GPS-ar
prøver å låsa deg til næraste veg. Ein veg er teikna som *midten* av vegen,
mens bilen helst kjører til høgre for denne. I praksis kan du då komma godt
til høgre for der vegen er på kartet, og kanskje nærare ein parallell veg ved
sidan av (for eksempel ein avkjøringsveg), som GPS-en då låser deg fast på.
Med OSM-kart er dette problemet mindre, då du kjem berre eit halv kjørefelt
til høgre for midten, i staden for halvanna kjørefelt, som med Kartverkets
kart.
--
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org
More information about the kart
mailing list