[NUUG kart] Presisjon på Bing-foto

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Tue Apr 5 19:49:02 CEST 2011


Måndag 28. mars 2011 skreiv Tor Christian Tovslid:
>Mulig dette har vært oppe i diskusjon før, jeg har i hvertfall sett det på
>engelsk, men har noen i Norge inntrykk av hvor presise/upresise bildene fra
>Bing er, sammenlignet med GPS?

Eg har brukt Bing-bilda ein del i sentrum av Bergen. Mi erfaring:

1  Det er *stor* forskyving.
2  Forskyvinga varierer frå plass til plass, slik at ein heile
   tida må flytta på Bing-laget.
3  Bing-bilda er ikkje nødvendigvis godt ortorektifiserte;
   dei er meir som skråfoto nokre plassar.
4  Bing-bilda er likevel veldig nyttige, både for å sjå kva
   som manglar, for å teikna vegar og for å teikna større
   bygningar. Ein må berre hugsa å flytta Bing-laget først.

Dette er basert på samanlikning av Bing-bilda med plassar der det er svært 
gode/mange GPS-spor, og ved samanlikning av kart frå Kartverket. 
(Sistnemnte kan for øvrig dessverre *ikkje* brukast til å justera Bing-laget, 
grunna opphavsrett/bruksvilkår.)

Men for ein kystkommune eit stykke utanfor Bergen vart eg overraska over at 
Bing-bilda var so godt som perfekt justerte, dvs. ev. feil var ikkje synlig 
verken ved samanlikning av svært god sporlogg eller Kartverket sitt kart
ved høg målestokk. Me snakkar her om ein feil på under meternivå.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list