[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Fri Apr 15 22:02:35 CEST 2011


Torsdag 14. april 2011 skreiv Karl Ove Hufthammer:
>Eg held for øvrig på og testar litt med Hunspell. Om det er nokon som
>kan henta ut eit uttrekk av alle vegar innanfor Bergens kommunegrenser 
>(gjerne med informasjon om kva highway-tagg som er brukt) i eit enkelt 
>tekstformat, hadde eg sett pris på det.
>
>(Viss ikkje, tar eg berre ein firkanta boks som dekker eit nokolunde stort 
>område innanfor grensene, og XSLT-ar meg fram til eit brukbar tekstfil.
>Skal uansett berre brukast til enkel testing.)

Det er no gjort. Eg fann ein Perl-modul som støtta Hunspell. Eg har ikkje 
programmert i Perl før, men det var ganske greitt å få denne til å verka
med litt klipp-og-lim. :-)

Har òg laga ei enkel Hunspell-ordliste for vegnamn, basert på Bergen 
kommune si oversikt over vegnamn (som me ikkje har fått lov til å bruka 
enno – dette er berre meint som ein test).

Det verkar som Hunspell som automatisk kjem med veldig gode forslag,
men eg har likevel prøvd å tilpassa ordlista litt, med ombytingar som 
«broa» → «broen». (Utan dette ville nok Hunspell vanlegvis likevel hatt 
«broen» som førsteforslag, men i teorien ville ord som «broka» reknast 
som nærare, og dersom dei fanst i ordlista, ville dei komme på førsteplass.)

Her er eit lite utdrag av resultatet, med talet på forslag avgrensa til to:

Allebakken                       Allébakken                   Hellebakken
Ankerveien                       Ankervegen                   Ervikveien
Arnoldus Reimers gate            Arnoldus Reimers’ gate       Fredrik Meltzers gate
Austteigen                       Austteigane                  Vassteigen
Bergen International Ferry Port  Vestre Holbergsallmenningen  Statsminister Michelsens veg
Bjerregaards gate                Bjerregårds gate             Edvardsens gate
Blåmansveien                     Rundemansveien               Landåsveien
Borgermester Platous vei         Borgermester Platous gate    Torgny Segerstedts vei
Bratlandssmauet                  Bratlandsmauet               Brattlandsvegen
Byporten                         Ortuflaten                   Fortunen
Bøjarnesvegen                    Bøjarnesveien                Garnesvegen
Bøneslia                         Bøneslien                    Bønesheien
Conrad Mohrs vei                 Conrad Mohrs veg             Monrad Mjeldes vei
Dag Hammarskjølds vei            Dag Hammarskjölds vei        Harald Skjolds veg
Damsgård almenning               Damsgårdsallmenningen        Søndre Allmenningen
Dankert Krohns gate              Danckert Krohns gate         Michael Krohns gate
Eidsvågstunnelen                 Eidsvågtunet                 Eidsvågskogen
Englegården                      Engelgården                  Berlegården
Erlestien                        Skolestien                   Prestestien
Ernst Sars vei                   Ernst Sars’ vei              Ture Nermans vei
Fagerneset                       Fagernes                     Sageneset
Fanahammaren                     Fanahammeren                 Hamrehaugen
Folke Bernadotters vei           Folke Bernadottes vei        Adolph Bergs vei
Gamle Kyrkevegen                 Gamle Kirkevegen             Gamle Synningavegen
Gamle Kyrkjeveg                  Gamle Kirkevegen             Kvernabekkvegen
Gamle Nygårdsbroen               Gamle Nygårdsveien           Lille Damsgårdsveien
Hamarslandgrenda                 Hammarslandgrenda            Hammarslandbakken
J. L. Mowinckels vei             J.L. Mowinckels vei          Agnes Mowinckels gate
Lille Skjolddal                  Lille Skjolddalen            Vestre Skjoldlia
Møllebakken                      Møllendalsbakken             Hellebakken
Nedre Korskirkealmenningen       Nedre Korskirkeallmenningen  Øvre Korskirkeallmenningen
Nedre Muregarden                 Nordre Muregården            Nedre Krohnegården
Nikolaikirkealmenningen          Nikolaikirkeallmenningen     Nedre Korskirkeallmenningen
Nordnesbodene                    Nordnesboder                 Nordnesbakken
Nordre Nattlandsfjellet          Nordre Natlandsfjellet       Østre Nattlandsfjellet
Nykirkealmenningen               Nykirkeallmenningen          Nikolaikirkeallmenningen
Ole Irgens vei                   Ole Irgens’ vei              Ole Brinchs veg
Paradisalleen                    Paradisalléen                Paradisstranden
Promsgate                        Proms gate                   Storms gate
Paasches alle                    Paasches allé                Allehelgens gate
Rothaugsgaten                    Rotthaugsgaten               Krohnengsgaten
rotvollen                        Rotvollen                    Gotevollen
Rådhusplassen                    Rådstuplassen                Rådhusgaten
Schweigaards vei                 Schweigårds vei              Ivar Aasgaards veg
Starefoss-svingen                Store Starefossen-svingen    Starefossvingen
st Clemens vei                   St. Clemens’ vei             Ellerhusens vei
Steinsvikveien                   Steinsvikvegen               Steinsvikskrenten
st Halvards vei                  St. Halvards vei             Edvard Griegs vei
St Jørgens gate                  St. Jørgens gate             Jørgen Moes gate
Stokkedalslia                    Stokkedalslien               Stokkedalen
Søndre Skogvei                   Søndre Skogveien             Nordre Skogveien
Søre Furudalen                   Søndre Furudalen             Nordre Furudalen
Vestre Muralmenning              Vestre Murallmenningen       Østre Murallmenningen
Vetrlidsalmenningen              Vetrlidsallmenningen         Vestre Murallmenningen
Von Der Ohes vei                 Von der Ohes vei             Johan Hjorts vei
Zetlitz gate                     Zetlitz’ gate                Gørbitz’ gate
Øyjordsbotten                    Øyjordsbotn                  Øyjordsåsen
Ådlandstraumen                   Ådlandsstraumen              Nordeidstraumen

Eg trur for øvrig ikkje Bergen kommune si vegnamnliste er *heilt* i samsvar 
med offisiell skrivemåte, sjølv om dei påstår det. Eg finn iallfall andre
skrivemåtar enn dei brukt på norgeskart.no og bergenskart.no.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list