[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon Apr 18 00:01:32 CEST 2011


Sundag 17. april 2011 skreiv Wolfgang Leister:
>> Reknar med det er fleire oslofolk enn bergensfolk her. Her er tilsvarande
>> oversikt for hovudstaden: http://huftis.org/kritikk/oslo.html
>
>fint tiltak :-)
>men her et lite tankekors: det er noen veier/stier/strekninger som har 
>et navn men som ikke er en gateadresse.
>eksempler: Bjørvikatunnelen, Lørentunnelen, ...
>Også: Poudretstien. Det er Friluftsetaten som har satt opp et skilt som 
>sier "Poudretstien"; men siden dette er en tursti langs Alna(elva) så er 
>det ingen gateadresse ...
>noen idéer hvordan fange opp dette?

Det kan me ikkje. Denne testen verken kan eller skal fanga opp alt, men er 
forhåpentligvis eit nyttig hjelpemiddel. Spesielt «vegar» av typen footway, 
cycleway, path og service vil ofte mangla i EPAB. Eg vurderte å fjerna alle 
desse, men *nokre* gangvegar er dekka av EPAB, so eg tenkte det var best 
å la dei vera.

Som ein grunnregel kan ein jo seia at viss forslag 1 ikkje liknar på det 
opphavlige namnet, so er feilen ein mangel i EPAB, ikkje i OSM, og det er 
berre å gå vidare til neste på lista. (Og viss dei liknar, *kan* det godt vera 
OSM som har rett, ikkje EPAB, so dobbeltsjekking er nødvendig!)

For øvrig, dersom det rette gatenamnet skil seg frå namnet på skilta (eller 
namnet i EPAB), kan det vera greitt å nemna dette i ein note-tagg, slik at 
ingen i framtida kjem og «rettar» det tilbake.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org


More information about the kart mailing list