[NUUG kart] Import av administative områder frå kartverket sitt N2000 kart til OpenStreetMap

gnonthgol@gmail.com gnonthgol at gmail.com
Mon Aug 6 03:39:27 CEST 2012


OpenSteetMap.org er eit verdensomspennande prosjekt for å lage eit kart basert på brukargenererte data og lokalkunskapar. Det er det kartet som ligg til grunnlag for blandt anna openstreetmap.no, frikart.no og fiksgatami.no

Det er kjempeflott at kartverket har begynt å gi ut data med frie lisensar i form av N2000, og me har tenkt å benytte oss av deler av dette datasettet. Mesteparten av dataa i N2000 er av ein mykje dårligare kvalitet en det som ligg inne i OSM i dag, men sidan einaste kjelde for kommune- og fylkesgrenser er kartverket sine data har me ikkje fått tak i desse før. Derfor har me tenkt å importere desse frå N2000 til vår database.

Me kjem til å oppgje kartverket som kjelde og distribuere dataa under ODbL lisensen til OpenStreetMap. På grunn av prosjektets størrelse kan me ikkje kreve at dataa blir disribuert vidare med kjeldehenvising til kartverket, men til OSM som samla. Det er alikevel mulig å slå opp karverket som kjelde gjennom OSM databasen.

Dei administrative grensene i Norge er viktige for offentlig myndighetsutøvelse og det er derfor viktig at denne informasjonen er tilgjenglig for alle og er korrekt. Det er for eksempel brukt av FiksGataMi for å levere tjenester til alle kommuner og fylkeskommuner.

Etter å ha studert N2000 vektorkarta ser det ut som om det er forenkla med Douglas–Peucker algoritmen som betyr at alle punkt som er definert i vektordataa er punkt som utgjer grensa. Det ser også ut som om enkelte av posisjonane er endra for å gje eit meir estetisk kart. Det siste er dog ikkje observert på nokre administrative grenser. Dersom det er tilfellet vil datasettet ha ein ganske begrensa verdi. Er det mulig å få bekrefta observasjonane og eventuelt fått meir informasjon om denne prosessen, som til dømes parameterane til forenklingsalgoritmen? Dette vil hjelpe oss i å bedømme kvaliteten til andre kjelder for å gje eit meir nøyaktig produkt til våre brukarar.

Eg takker for snarlig svar og håper at kartverket vil fortsette arbeidet med å gje ut meir nøyaktige vektorkart til det norske folk.

Knut Karevoll

-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20120806/dee411b2/attachment.htm 


More information about the kart mailing list