[NUUG kart] Frigjorte geodata for Asker

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sat Apr 13 13:35:35 CEST 2013


la. den 13. 04. 2013 klokka 12.46 (+0200) skreiv Petter Reinholdtsen:
> [Karl Ove Hufthammer]
> > Det er under NLOD-lisensen, så det er berre å spørja korleis dei vil
> > krediterast, og så leggja inn i OSM. Fint om nokon i Asker eller
> > deromkring kan ta tak i dette.
> 
> Nok et eksempel på at NLOD fortsatt tvinger alle inn i en
> søknadskultur, der en må be om lov til å gjøre det en vil gjøre.

Tvert imot! NLOD er omtrent den beste lisensen ein kunne tenka oss. 
Han set eigentleg så godt som ingen avgrensingar.

Det med kreditering er ikkje eit sentralt poeng med NLOD, men følgjer
(også) av norsk og internasjonal lovgjeving generelt (ideelle rettar),
der opphavspersonen har rett til å verta kreditert.

Og akkurat å spørja Asker om korleis dei ønskjer å verta kreditert er
meir eit spørsmål om høflegheit. Og det er dels for underretta dei om at
datasettet faktisk vert brukt. Ein *kan* for øvrig fint bruka
informasjonen utan å ta kontakt med dei, ved å bruka krediteringa:

  Contains data under the Norwegian licence for Open Government data
  (NLOD) distributed by Asker Municipality, Norway.

Det kan sjølvsagt vera mogleg at Asker kommune bestemmer seg for å vera
like vanskelege som Kartverket når ein tar kontakt med dei, og krev ei
urimeleg form for kreditering. Men det anser eg som lite sannsynleg, når
dei først har publisert dataa under NLOD (og ikkje opplyser om spesielle
krav til kreditering).

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list