[NUUG kart] Sentralt Stedsnavnregister

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sat Mar 23 09:53:35 CET 2013


fr. den 22. 03. 2013 klokka 23.39 (+0100) skreiv Håkon Stordahl:
> > Mens norsk lisens for offentlige data (som eg for øvrig synest er den
> > lisensen som *bør* brukast for alle offentlege data) har ein
> > eksplisitt kompatiblitetsklausul for Open Government Licence 1.0 og
> > Open Data Commons Attribution License 1.0, som begge er kompatible med
> > ODbL.
> 
> Ok, men jeg kan i prinsippet likevel ikke se at det gjør at data med
> disse lisensene uten videre kan legges inn i OSM.

Så lenge krediteringsvilkåra er OK, gjer det det.

> OpenStreetMap Contributor Terms, som styrer hvilke data som kan legges
> inn i OSM, sier jo ingenting om at det er tilstrekkelig med en
> ODbL-kompatibel lisens for at data skal kunnes lastes inn i OSM:
> 
> http://www.osmfoundation.org/wiki/License/Contributor_Terms
> 
> Slik jeg leser disse kan det kort sagt ikke være noen restriksjoner
> knyttet til dataene som legges inn.

Dette stemmer ikkje. Merk at i avsnittet der det står at det ikkje skal
vera nokon restriksjonar står det at det gjeld «[s]ubject to Section 3
and 4 below».

Det er *tilstrekkeleg* at det ikkje er nokon restriksjonar, men ikkje
nødvendig. Samtidig seier vilkåra at det er tilstrekkeleg at dataa du
kjem med er tilgjengelege under ODbL 1.0.

> > Og uansett gjer dei ekstremt strenge (og etter mi meining urimelege)
> > krava til synleg kreditering at dataa ikkje kan brukast i OSM. Andre har
> > forklart dette meir utdjupande her på lista.
> 
> Ja, jeg er enig. Men på den annen side, som jeg var inne på ovenfor:
> Data fra Statens kartverk lisensert under CC BY har allerede blitt
> lagt inn i OSM uten at Kartverket har protestert, så vidt jeg vet i
> hvertfall. (Var kanskje kravene fra Kartverket om navngivelse ikke så
> strenge tidligere?)

Det stemmer at krava ikkje var så strenge før (utan eg hugsar
detaljane).

> Når det nå i tillegg er en fra Statens kartverk som
> tar initiativ, så er det litt vanskelig å la være.

Jo, men i OSM er me opptekne av å faktisk *følgja* ønska til
rettigheitshavarane, og ha alt på stell juridisk sett.

Dette i motsetning til dei som ikkje er opptekne av opphavsretten, og
dermed eigentleg har eit mykje enklare liv. :) Eg ser rett som det er,
i både trykte og elektroniske dokument, bruk av norgeskart eller utsnitt
av dette. Reknar med det som godt i alle tilfella er Kartverket som er
kjelda, men det er berre *svært* unntaksvis dei er krediterte. For øvrig
litt artig å sjå at digi.no i artikkelen om SSR
http://www.digi.no/913834/kartverket-frigir-stedsnavn
faktisk braut lisensvilkåra (sidan dei krediterte «Kartverket» og ikkje
«© Kartverket»).

-- 
Karl Ove Hufthammer



More information about the kart mailing list