[NUUG kart] Sentralt Stedsnavnregister

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sat Mar 23 19:23:25 CET 2013


la. den 23. 03. 2013 klokka 17.10 (+0000) skreiv Thomas Hirsch:
> Det er nå flere i Norge på veien til "Bulk Contributor". De fleste
> kommer å bruke NLOD og å ha lignende krav på kildehenvisningen,

Det er i så fall svært synd (ikkje at dei brukar NLOD – det er flott –
men at dei set urimelege krav til korleis krediteringa skal gjerast).
Heldigvis har dei som har bidratt med opne datasett til no, inkludert
«kartverk» i mykje større land enn Norge, ikkje hatt slike krav.

Om OpenStreetMap skulle kreditert alle (eller berre alle store)
bidragsytarane slik Kartverket ønskjer, hadde ein ikkje kunna sett 
noko kart hos OSM i det heile tatt; det hadde berre vore fullt med namn
på bidragsytarar.

Det er ikkje veldig relevant, men for øvrig har òg andre karttenester på
nettet tilsvarande praksis med kreditering. Eksempel:

Apple Maps: http://gspsa21.ls.apple.com/html/attribution.html
Bing Maps: http://www.bing.com/maps/Help/en-us/About.htm
Google Maps: http://www.google.com/help/legalnotices_maps.html

(Det som skil OpenStreetMap frå desse er at med OSM har ein rett til
vidarebruk av dataa, og til eitkvart formål. Med tenestene ovanfor
har ein minimalt med rettar.)

> og vi trenger en klar linje når det gjelder hvordan man kan bruke
> disse datasett.

Tja, linja er då ganske klar. Me brukar datasetta etter lisens- og
bruksvilkåra rettigheitshavarane set. Viss desse (personane/vilkåra)
ikkje tillèt at datasetta kan leggjast inn i OpenStreetMap, lar me vera
å leggja dei inn. Heldigvis ser dei fleste ut til å sjå nytten i at
dataa kan brukast fritt, og godtar at dei vert førte opp på
bidragsytarsida til OSM og/eller vert krediterte i source-taggane i
OSM-databasen og/eller i den aktuelle endringsloggen. (Kvar av desse
alternativa har sine fordelar og ulemper.)

> Personlig ville jeg foretrukket CC0 eller lignende på åpne datasett,
> og la det vitenskaplig-journalistiske vettet gjøre det at faktisk
> brukerne krever en fullverdig kildehenvisning.

Ja, eg òg synest i utgangspunktet at CC0 ville vore bra for opne
datasett. Men i Norge (og i mange andre land) har ein ideelle rettar ein
faktisk ikkje kan fråseia seg, som retten til å verta kreditert.

(Slik CC0 fungerer gjev ein (nordmann) altså ikkje frå seg sine ideelle
rettar, noko han ikkje *kan* gjera, men gjev i staden ein (juridisk)
lovnad om å ikkje *krevja* desse rettane, slik at resultatet for alle
praktiske formål vert det same som *om han* (kunne) fråseia seg desse
rettane.)

> Det gjelder da også OSM med sine krav, men det er vel en stykke veg å
> gå.

Med mindre ein går for CC0 eller liknande, *må* ein ha krav om
kreditering (fordi det i mange land/jurisdiksjonar ikkje er mogleg å
fråseia seg desse). I lys av dette synest eg OSM sitt «krav» om ei
minimal kreditering som «© OSM-bidragsytarane» (+ bidragsytarsida hos
OSM med meir informasjon) er ei svært god løysing på eit komplekst
problem når det er mange bidragsytarar.

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list