[NUUG kart] Vedr. import av adresser

N/A N/A gazer2175 at hotmail.com
Mon Apr 14 15:13:29 CEST 2014


Hei,

Som nokon har lagt merke til så har eg starta med å importere adresser i Oslo.
Fekk spørsmål om prosessen rundt dette og tenkte å starte ein tråd.

Gnonthgol har konvertert data til osm filer (xml) som eg lastar inn i JOSM.
Detaljar rundt konverteringa kan han sikkert svare på.

Filene eg har er delte inn etter kommune så det ikkje vert for mykje data på ein gong.
Prosessen er enkel. Etter å ha opna osm fila for kommunen eg skal importere frå, så lagar eg eit nytt prosjekt og hentar ned osm data for området.
Kopierer så data frå adresse fila og limer inn i prosjektet.

Prøver så godt det lar seg gjere å fjerne gamle duplikatar og rette eventuelle feil før opplasting. Feil eg ikkje ser vil eg ta tak i med ein gong dei vert oppdaga.
OSM Inspector brukar litt tid for å oppdatere seg så det kan ta litt tid.

Ser at mange har lagt adresse i bygningen. Vil anbefale at vi held oss til separate nodar då mange hus har fleire nummer.
Noden er også plassert ved inngangen i dei aller fleste tilfelle.

POIs som butikkar osv som har addr tag har eg for det meste ignorert.

Prosessen er tidkrevjande og eg har brukt omtrent all tid i helga til dette arbeidet. 

mvh
Jan T



 		 	   		  
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20140414/b4175b41/attachment.htm 


More information about the kart mailing list