[NUUG kart] Adresseimport fra NVDB

N/A N/A gazer2175 at hotmail.com
Mon Apr 21 16:17:03 CEST 2014


Hei Håkon

Heile poenget med separate nodar er at det skal vere enklare å oppdatere seinare.
I Danmark er dette automatisk og der er adressene separate nodar.
Om vi får til automatikk her veit eg ikkje. Må nok vere i samarbeid med Kartverket og Posten.

Når det gjeld plassering så er nodane plasserte der inngangen skal vere i fylgje Kartverket.
Har dei ikkje den infoen så vert den plassert på bygning ein stad. Blokker med svært mange nummer kan ikkje fylgje dette av naturlege grunnar.
Om nummeret ikkje passar med bygning polygon i OSM så er det mest sannsynleg at bygningen er feil plassert.
Ein skjekk eg har gjort visar at bygningar som vart lagt inn for ei tid tilbake brukte Bing bilete som var feil plassert.
Desse flyfotografia er seinare blitt retta slik at om ein i dag sjekkar så vil over halvparten av bygningane ikkje stemme med Bing.

Adressene rundt om i Oslo har vore svært varierande i måten dei var lagt inn på.
Addr data i bygningen, på inngangs node eller separat node inni bygning.
Ein del var og sett i associatedStreet relasjon. Dette er unødvendig så lenge tilgang til adressa nyttar næraste gate med same namn.
Der adresse noden er nærare gata den høyrer til, men ein faktisk må bruke ei anna gate, f.eks. på andre sida, så har eg laga relasjon.
Relasjonar lagar eit ekstra ledd som ikkje alle er så gode på. Då vert dei ofte øydelagde.

Det viktige her er å få inn adresser enkelt og likt over heile landet.
Separate nodar gjer det og mykje enklare å filtrere ut alt anna i JOSM om ein må endre adresser manuelt seinare.
Enkelt addr invertert filter og kun adresse nodar vil vise. Då kan ein om nødvendig slette ein node utan risiko for andre data.
Rett og slett mindre sjanse for at folk slettar for mykje eller rotar til andre data når ting er separat.

Om noko info har gått meg forbi og blitt sletta så må eg berre beklage. Har jobba kontinuerleg med dette i ei veke no og lagt inn ca 90000 nodar :)
Ubebygde tomter/adresser ser ikkje heilt at skulle trenge nokon info om dette. Få eller ingen vil søke på adressa.
Layer tag er kun for rendering. Har ein funne rett bygning så finn ein nok inngangen også.
Vertikal delte hus er side om side så dei treng vel ikkje layer? Meiner du horisontal delt med to eller fleire etasjar , ei leilegheit i kvar og separat inngang på utsida?
Slike hus skal så langt eg veit ha separate husnummer på bygningen for kvar etasje. Så om ein alt har funne huset så bør resten vere enkelt ;)

PS! Building=entrance er ein ut datert tag så dei har eg endra til entrance=yes eller sletta fyrste om begge var med.

mvh
Jan T


> From: hakon at stordahl.org
> To: kart at nuug.no
> Date: Mon, 21 Apr 2014 14:12:33 +0200
> Subject: Re: [NUUG kart] Adresseimport fra NVDB
> 
> On Mon, 14 Apr 2014 18:07:00 +0200, N/A N/A wrote:
> 
> > Ein automatisk prosess for dette vil nok vere det beste, men er ikkje
> > alltid at data er korrekt. Dette blir nok betre når folk faktisk kan
> > rapportere om feil til kartverket.
> >
> > Data som eg har er faktisk frå i fjor haust. Men etter mailen frå
> > Forbrukarrådet fann eg ut det var på tide å gå i gang. Oslo var ein
> > naturleg plass å starte då det er enorme mengder husnummer der. Over
> > 95000 faktisk. Og ikkje minst er vegnettet der godt i OSM.
> >
> > Den største svakheita til OSM er mangel på adresser, så eg meiner det
> > er best å få inn det så raskt som råd.
> >
> > Om ein vil ha anna info samla i desse nodane kan diskuterast.
> >
> > Når det gjeld den manuelle importen så har eg delt det opp for å
> > minske feil og for at eventuelle større feil kan rettast med mindre
> > reversering. Fleire av postnummer rekkjene eg har lasta opp hadde over
> > 3k nodar. Er og enklare å ta mindre geografisk område av gongen. Kunne
> > importert alle 95k+ adresse nodar i ein og same gong, men tvilar litt
> > på at ei opplasting med JOSM ville vorte godkjent ;)
> >
> >
> > Om nokon har innvendingar mot at eg held fram med denne importen så
> > ver snill å sei ifrå. Eg har masse tid til dette så gjer meg ingen
> > ting å ta dette manuelt enn så lenge. Vil fokusere på dei større byane
> > som er godt kartlagde i OSM. Husnummer utan vegar hjelper lite ;)
> >
> > Om nokon vil hjelpe til så gi ein lyd så kan eg sende over ei kommune
> > fil. Er litt viktig at ikkje fleire arbeider med same kommune.
> 
> Hei. Beklager sein respons. Det er supert å få lagt inn flere adresser i
> OSM! Men det vil være fint å få avklart om dette er en engangsimport,
> eller om det f.eks. er meningen å oppdatere adressdataene med nye importer
> som overskriver gamle data.
> 
> Hvis dette er engangsimport som gjøres manuelt, og at det er meningen at
> adressene skal vedlikeholdes manuelt etter dette, så synes jeg det er
> fint om det tas hensyn til adressedata som allerede er lagt inn i OSM.
> 
> Jeg har f.eks. allerede lagt inn en del adresser i OSM som nå har blitt
> erstattet med importerte adresser (hovedsakelig i området som dekkes av
> http://www.openstreetmap.org/changeset/21823008), og noe info har dermed
> gått tapt slik jeg ser det. Eks:
> 
> * Adresser på entrance=yes/building=entrance-noder på bygninger er
>   fjernet og det er opprettet en egen adressenode.
> 
> * Adresser på bygningspolygoner er fjernet og det er opprettet en egen
>   adressenode, som noen steder ligger utenfor selve bygningen.
> 
> * Ekstra tagger på adressenoder har gått tapt, f.eks. note/note:no om at
>   tomten ikke er bebygd. Og jeg har også lagt på layer-tag på noen
>   adressenoder, for å skille adresser til vertikaldelte boliger, som nå
>   er borte.
> 
> Hvis det er meningen med (automatiske) oppdateringer av adressedataene i
> framtiden så synes jeg ikke dette er noe problem, men ellers synes jeg
> at det blir mer informativt og riktig om addr-taggene blir liggende
> sammen med entrance=yes/building=entrance-taggen, eller på selve
> bygningspolygonet (der bygningen bare har ett husnummer).
> 
> Hilsen Håkon.
> _______________________________________________
> kart mailing list
> kart at nuug.no
> http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
 		 	   		  
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20140421/585d2f3e/attachment.htm 


More information about the kart mailing list