[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Mon Jun 9 16:51:32 CEST 2014


må. den 02. 05. 2011 klokka 17.53 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer: 
> >>Det er heller ikke tatt hensyn til mellomrom
> >>("O. J. Brochs vei" vs "O.J. Brochs vei"),
> >
> >Det med «O.J.» vs. «O. J.» er eg usikker på. Eg har derfor fyrt av gårde
> >ein  e-post til Språkrådet og spurt kva som er rett skrivemåte for forkorta
> >personnamn.
> 
> Har fått svar frå Språkrådet. Det skal vera «O.J.». Det er ikkje lov med 
> mellomrom mellom initialar i personnamn. Dette gjeld òg når personnamna 
> er brukte i veg- og gatenamn.

Den automatiske «stavekontrollen» av gatenamn i norsk OSM har vore nede
nokre månadar, men er til orientering no oppe og går igjen,
på den gamle adressa:

  http://geo.huftis.org/osm/epab/

Vert vanlegvis oppdatert kvar dag.

Gatenamna vert som ført henta frå den gamle utgåva av postadresseboka
til Posten (som ikkje lenger er tilgjengeleg),
med unntak av for Bergen, der eg brukar den offisielle
Gatetabellen:
https://www.bergen.kommune.no/tjenestetilbud/bolig-og-eiendom/eiendom/adressetildeling/gatetabellen
(Har oppdatert datagrunnlaget til 2. juni 2014-utgåva.)

Sidan Gatetabellen skal vera komplett og ha rett skrivemåte på alle
gater, vert det for Bergen også generert ei oversikt over gater som
manglar i OSM:
http://geo.huftis.org/osm/epab/Bergen-manglande-gatenamn.txt

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list