[NUUG kart] Gatenavnlister (var Re: Bing foto)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Tue Jun 10 19:24:19 CEST 2014


ty. den 10. 06. 2014 klokka 10.55 (+0200) skreiv Kjell Arne Olsen:
[Om http://geo.huftis.org/osm/epab/] 
> Jeg tok en rask stikkprøve for Hamar, og hvis det som står under
> "forslag 1" er fra EPAB, så inneholder den mange feil og banale feil i
> stavemåter. Det aller meste som er i OSM er helt riktig, men noen feil
> ser jeg.

Ja, som det står nemnte på sida er datakvaliten i EPAB mindre god.
Det finst mange feil der. (Men kvaliteten varierer ein del frå by
til by, ikkje minst når det gjeld kor mange gater som er inkludert.) Og
alle endringar må dobbeltsjekkast.

Men oversikta kan likevel vera nyttig til å oppdaga små skrivefeil
som det er lett å oversjå sjølv når ein ser gjennom gatenamn
manuelt. For Hamar trur eg for eksempel følgjande er feil (utan at er
lokalkjend):

Lars Jordes Veg → Lars Jordes veg
Nordvikveien → Nordvikvegen
Hans Egstads gate → Hans Egstads veg
Torgny Segersteds gate → Torgny Segerstedts gate
(Seierstedts veg → Torgny Segerstedts gate)

For sistnemnte er både originalen og forslaget feil, så vidt eg kan sjå.
Skal vera «Seiersteds veg».

Dei gatenamna som er lurast å sjekka er dei der OSM-namnet og «forslag
1» ser ganske like ut. Der «forslag 1» er veldig forskjellig, er typisk
grunnen at gatenamnet manglar i EPAB.
(Men andre grunnar kan sabotasje i OSM, der nokon har lagt inn eit heilt
fiktiv namn. Verdt å sjekka om ein ser veldig «rare» namn.)

Skulle for øvrig gjerne brukt betre kjelder enn EPAB.
Om det finst offiesielle gatetabellar for andre byar,
er dette av interesse. Elles: Hadde Kartverket sloppe noko
her me kan bruka? 

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list