[NUUG kart] Presentasjon av bruker

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Tue Jun 10 21:41:45 CEST 2014


ty. den 10. 06. 2014 klokka 20.03 (+0200) skreiv Stein Arne Storslett: 
> Det er litt tid mellom at jeg har mulighet til å redigere, men jeg har
> stort sett alltid med GPS og samler spor, både på tur og i bil, og
> spesielt hvis jeg kjører i områder der jeg vet det er lite dekning i
> OSM.
> 
> Formålet mitt ifm OSM er å bidra med redigering der jeg kan når jeg
> kan, og om noen vil ta i mot sporlogger så oversender jeg gjerne.

Hadde vore *supert* om du kunne lasta opp sporloggane på
http://www.openstreetmap.org/traces

Dette er svært nyttig for alle som redigerer. Eksempel:
Du har gått ein tur, og ser at stien som ligg i OSM
ikkje stemmer med sporloggen din. Er det då stien eller
sporloggen som er (mest) feil/rett? Vanskeleg å seia!

Men om fleire har lasta opp sporloggar er det ingen
problem; då er den «riktige» stien typisk «gjennomsnittet»
av dei ulike sporloggane.

Opplasta sporloggar hentar ein for øvrig kjapt og greitt
ned i JOSM.

Har du veldig detaljerte sporloggar (mange punkt – ofte lurt),
kan det vera greitt å køyra dei gjennom dette verktøyet før bruk
http://wiki.openstreetmap.org/wiki/User:Travelling_salesman/gpx_reduce

Kan òg vera greitt å samanlikna sporloggen med eventuelle andre
eksisterande sporloggar før opplasting (enkelt i JOSM). Viss det for
eksempel ligg tre sporloggar som alle er einige med kvarandre,
men din nye ligg systematisk langt frå desse, er det truleg GPS-din som
var på villspor den dagen, og då kan det vera greitt
å *ikkje* lasta opp.

Men vanlegvis: Jo fleire sporloggar, jo betre! :)

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list