[NUUG kart] Allé vs. alle

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Wed Oct 8 22:33:02 CEST 2014


ty. den 07. 10. 2014 klokka 00.18 (+0200) skreiv Gorm E. Johnsen:
> Jeg foreslår at vi bestemmer oss for å bruke fot-tegnet (uformell
> sammenheng) og korrigerer til det.

Eg er svært ueinig i dette. På norsk finst det éin 
typografisk korrekt apostrof, og det er denne: ’
(U+2019 i ISO 10646). «Shift + AltGr + B» på Linux-
tastatur.

Alt anna vert berre fattigmannsetterlikningar, som
er unødvendige, om som me bør halda oss for god til. :)
Ein bør konsekvent retta andre apostrof-etterlikningar
til ’-teiknet.

Fotteiknet er ′ (U+2032), og skal absolutt *ikkje* brukast.
ASCII-/programmeringsapostrofen ' (U+0027) er mykje brukt,
men det er nok berre fordi han er lett tilgjengeleg på tastaturet (og
fordi ekte apostrof før ikkje var tilgjengeleg i det heile tatt).
Aksentteikna ` (U+0060) og ´ (U+00B4) blir også ofte brukt, då av folk
som ikkje klarar å finna fram på tastaturet.

Så oppsummert: `, ´ og ' bør automatisk endrast til ’ ved import av
gatenamn. Då blir det både korrekt og fint. :)

-- 
Karl Ove Hufthammer
http://huftis.org/
Jabber: karl at huftis.org



More information about the kart mailing list