[NUUG kart] Waterways

N/A N/A gazer2175 at hotmail.com
Thu Aug 13 20:40:48 CEST 2015


Er veldig greit med source på ways som har ulik source. Kun bruke source på changeset er veldig lite informativt.
Om eg redigerer ein bit av f.eks. ei elv som er lagt inn med Karvernet N50 så splittar eg og endrar source til f.eks. Bing for den biten. Då kan delar av same way vere N50 både før og etter. Same gjeld på kystlinjer.
Dette vil hjelpe ved seinare oppdatering av N50. Er fortsatt mykje data frå 70 og 80 talet der.

Heldig vis ser det ut til at Kartverket arbeider med å få oppdatert dei eldste dataene. Merka dette godt i Gamvik kommune. Der var det eit tydeleg skilje med data frå 2008 og 1978. Tibnor lasta ned på nytt og då var nesten alt frå 1978 bytta ut med data frå 2012.

For kysten vår så er nok PSG snart historie. Alt vil bli erstatta med Kartverkets N50 data eller betre.
Når eg legg inn N50 kystlinje data så slettar eg den gamle linja heilt. N50 er mykje meir oppdelt så det er ikkje råd å bruke "replace geometry". Er faktisk svært få gonger eg faktisk har fletta inn eksisterande data for kystlinje.
N50 data nyare enn frå 2000 er ofte svært mykje betre enn mange manuelle Bing traces.
Det hender at det har vorte fylt ut i sjøen i seinare tid og at dette viser på Bing.

________________________________________
From: kart-bounces at nuug.no <kart-bounces at nuug.no> on behalf of Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org>
Sent: Thursday, August 13, 2015 8:21 PM
To: kart at nuug.no
Subject: Re: [NUUG kart] Waterways

Den 13. aug. 2015 18:02, N/A N/A skreiv:
> Source tag endring er viktig om source endrar seg. Det gjeld for alle
> data i OSM.
> Er ofte at folk har brukt Bing på f.eks. vatn og kyst utan å endre
> source frå PSG eller Landsat til Bing.
> Viktig at slike ting ikkje sklir ut ellers er source taggen ubrukeleg.

Taggen er vel alt ganske ubrukeleg, og det er anbefalt at ein heller
legg «source» på *innmeldinga*, ikkje på objekta.

For øvrig, når det gjeld PSG på kystlinjer, er det verdt å merka seg at
det dessverre gjerne er lagt source på alle *nodane* i kystlinja, ikkje
berre på linjene. Det er lett å oversjå når ein fjernar/endrar source.

--
Karl Ove Hufthammer
_______________________________________________
kart mailing list
kart at nuug.no
http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart


More information about the kart mailing list