[NUUG kart] Waterways

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Thu Aug 13 21:54:50 CEST 2015


Den 13. aug. 2015 20:40, N/A N/A skreiv:
> Er veldig greit med source på ways som har ulik source.

Veldig ueinig. Det er jo eit problem at eit objekt kan ha mange kjelder, 
og «source»-taggen vert veldig fort utdatert.

> Kun bruke source på changeset er veldig lite informativt.

Tvert imot. Det seier jo nettopp kva som er kjelda til endringa.

> Om eg redigerer ein bit av f.eks. ei elv som er lagt inn med Karvernet N50 så splittar eg og endrar source til f.eks. Bing for den biten. Då kan delar av same way vere N50 både før og etter.

Og dette er svært lett å oversjå for oss som redigerer. Eg forbetrar ein 
del på vatn/innsjøar vha. Bing, og går ikkje inn og sjekkar kvart 
linjestykke for å sjekka/endra source-taggen der; eg retttar dei nodane 
eg ser «dårlege» og legg til nye. Det same gjeld sjølvsagt vegar, 
bygningar osv. Resultatet er at source-taggen vert utdatert, slik han er 
overalt i OSM. Og slik vert det uansett kor påpasseleg ein prøver å 
vera. Den praktiske verdien til source-taggen er minimal, og eg meiner 
han gjer større skade enn nytte.

> For kysten vår så er nok PSG snart historie. Alt vil bli erstatta med Kartverkets N50 data eller betre.

Glad du skriv «eller betre». Dette må gjerast manuelt. Eg har forbetra 
store delar av kystlinja i ein kommune, og resultatet er *betydeleg* 
betre enn N50. Så alle utbytingar av kystlinjer må gjerast manuelt. (Og 
nei, source-taggen er ikkje ei påliteleg kjelde til kor data kjem frå 
her heller.)

-- 
Karl Ove Hufthammer


More information about the kart mailing list