[NUUG kart] Hvordan best kartlegge områder (residential, industrial, wood, osv.)

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Sat Aug 15 14:40:23 CEST 2015


Den 15. aug. 2015 11:44, Christer van der Meeren skreiv:
> Er det en stil som er best eller mest vanlig å bruke for kartlegging 
> av områder som residential, industrial, wood, osv.?
>
> Med stil mener jeg for eksempel følgende:
>
> 1. Bruke faktiske veier (highway=*) i relasjoner (role=outer), slik at 
> områdene garantert følger veien. Spe på med dedikerte ways der grensen 
> ikke følger en highway=*.
>
> 2. Ingen relasjoner - bruke egne ways for grensen til området, og slå 
> sammen nodene til grensen med nodene til veier der de følger 
> hverandre, slik at grensen samsvarer med veien.

Som vanleg i OSM-samanheng er folk heilt ueinige med kvarandre om kva 
som er best, logisk eller naturleg.

Du har dei som meiner at linjene for skogar absolutt ikkje under nokon 
omstende må delast med linjene for vegar, sidan det betyr at skogane går 
heilt inn til midten (midtlinja) av vegane, og det stemmer jo ikkje med 
terrenget.

Og så har du dei som meiner det heilt motsette, at om skog og veg delar 
linje, betyr det berre at skogen begynner der vegen sluttar. Og 
argumenterer for eksemepel at om dei delar nodar, er dei mykje lettare å 
vedlikehalda. (Elles risikerer du masse ekstraarbeid med å passa på at 
ein skog ikkje passerer over ein veg når du forbetrar vegen (eller skogen.)

Desse to gruppene vil aldri bli einige.

Det er i grunnen motsetninga mellom at OSM er ein reint geometrisk 
geodatabase og at OSM er ein topologisk geodatabase.

Det synest openbart at OSM er begge delar (eller kanskje heller ein 
ulogisk og inkonsekvent bastard av begge). Ein modellerer (vanlegvis) 
vegar som (i prinsippet uendeleg tynne) linjer, i staden for geometriske 
areal. Og ein representerer tre (enkelttre, i parkar og byar) som nodar, 
ikkje som areal som viser den geometriske utstrekninga. Men samtidig 
modellerer ein gjerne bygningar som areal, ikkje nodar. Og er det mange 
tre (dvs. ein «skog»), vert det modellert som eit areal.

Eg er *mest* einig med gruppe to, som meiner det er greitt (og ofte 
praktisk) at areal for skogar og slikt deler nodar/linjer med vegar og 
andre areal (slik at om ein hadde fullstendige data, ville heile verda 
vore dekt av ulike arealdekkeflater). Men at det ikkje er absolutt 
*nødvendig*, slik at viss nokon absolutt vil modellera og vedlikehalda 
det utan deling av nodar, kan dei gjera det.

Når det gjeld spørsmålet om relasjonar eller berre delte nodar, ser eg 
ikkje nokon stor grunn til å bruka relasjonar. Deling av nodar fungerer 
fint (og med «F»-tasten i JOSM er det kjempekjapt å la ei linje følgja 
ei eksisterande linje). Og eg innbillar meg at det vert mindre 
vedlikehald slik.

> Lurer også på hvor detaljert man skal være i taggingen. Om det er 
> f.eks. 10x10m skog i et residential-område, skal dette området tagges 
> som skog?

Viss ein vil (bruka tid på dette). Meir detaljerte data er jo fint, men 
nytteverdien varierer (om det er snakk om eit område folk aldri ferdast, 
er det sjeldan nyttig om ting er finmodellert).

> Og er det lov å smøre tjukt på og laget et stort residential-område, 
> eller skal man helst dele det opp i mindre områder som er tettere 
> knyttet til den faktiske bebyggelsen? (Jeg bruker bevisst veldig vage 
> størrelser nå.)

Igjen er det opp til ein sjølv. På vanlege kart følgjer vel gjerne slike 
arealdekkeflater reguleringsplanane (eks. dette området er regulært til 
bustadområde, og dette til industri, sjølv om bustadområdet ikkje er 
fylt 100 % opp med hus tett i tett, og ikkje heile industriområdet er 
fullt av fabrikkar).

-- 
Karl Ove Hufthammer


More information about the kart mailing list