[NUUG kart] SSR Sentralt Stedsnavnregister import

Karl Ove Hufthammer karl at huftis.org
Wed Jul 29 10:19:48 CEST 2015


Den 25. juli 2015 21:52, Andreas Bertheussen skreiv:
> ### 3. Uavklarte/uspesifiserte ting
> - Håndtering av flere språk for samme objekt.

Dette handterer skriptet mitt (ssr2osm). Både norsk, nordsamisk, 
lulesamisk og sørsamisk er støtta (det er dei språka som finst i SSR).

> - Håndtering av flere objekter på samme koordinat.

Finst det eksempel på dette? Uansett, alt slikt *må* handterast manuelt. 
Det er mykje «rart» i SSR, både (litt) feil posisjonar, rare namn, ulike 
objekt (til dels veldig *mange*) som har fått same namn. Alt må flettast 
manuelt. Det er ein stor fordel om dette vert gjort av nokon som er 
lokalkjend, men i ein del tilfelle (dvs. for ein del objekt) kan det 
gjerast av andre. Då ser ein for eksempel at namnet Storneset som er 
plassert uti havet eller eit godt stykke innpå landet, faktisk bør 
plasserast på neset. Eller at Mørkskogen og Djupvatnet bør plasserast 
der skogen og vatnet faktisk er. (I regelen er posisjonane så gode at 
det er eintydig kva nes eller skog eller vatn som faktisk var meint.)

> - Bruk av  "no-kartverket-ssr:date". For å være nyttig, må den vel være
> den siste av alle skr_sndato (skrivemåtenes statusdato) som angår
> objektid'en, uavhengig av hvilken skrivemåte som er brukt?

Ifølgje importlista er slike ting ikkje velkommen i OSM. Eg har derfor 
følgt regelen om å berre ha med standardtaggane (name=*, natural=*, 
osv.) når eg har brukt data frå SSR, og *ingen* taggar med 
kartverk-/SSR-prefiks. Eg hadde vel helst føretrekt å hatt med ID og 
gjort ting systematisk (spesielt når det gjeld framtidige 
oppdateringar), men dette er til å leva med.

> - Valg av OSM-tags. ssr og osm2ssr bruker hver sine tabeller;
> https://github.com/huftis/ssr2osm/blob/master/data/objekttypar.csv  og
> https://github.com/relet/ssr/blob/master/scripts/manual.py#L48-L225  
> Dette er vel ryddigst å starte med på wiki. Enig?

Tja, eg synest «pull requests» til GitHub fungerer vel så bra. Då kan 
ein også diskutera kvar førespurnad på «issues»-sida for førespurnaden.

For øvrig, eg kan godt legga ut kommunevise CSV-filer basert på skriptet 
mitt, for bruk i JOSM og andre verktøy, om folk ønskjer.

-- 
Karl Ove Hufthammer


More information about the kart mailing list