[NUUG kart] SSR Sentralt Stedsnavnregister import

Christer van der Meeren cmeeren at gmail.com
Wed Jul 29 12:24:30 CEST 2015


Det er fullt mulig å ta med egne tags med prefix, dersom de er nyttige. ID
er eksempel på dette. Se
https://wiki.openstreetmap.org/wiki/Import/Guidelines#Use_the_right_tags

2015-07-29 10:19 GMT+02:00 Karl Ove Hufthammer <karl at huftis.org>:

> Den 25. juli 2015 21:52, Andreas Bertheussen skreiv:
> > ### 3. Uavklarte/uspesifiserte ting
> > - Håndtering av flere språk for samme objekt.
>
> Dette handterer skriptet mitt (ssr2osm). Både norsk, nordsamisk,
> lulesamisk og sørsamisk er støtta (det er dei språka som finst i SSR).
>
> > - Håndtering av flere objekter på samme koordinat.
>
> Finst det eksempel på dette? Uansett, alt slikt *må* handterast manuelt.
> Det er mykje «rart» i SSR, både (litt) feil posisjonar, rare namn, ulike
> objekt (til dels veldig *mange*) som har fått same namn. Alt må flettast
> manuelt. Det er ein stor fordel om dette vert gjort av nokon som er
> lokalkjend, men i ein del tilfelle (dvs. for ein del objekt) kan det
> gjerast av andre. Då ser ein for eksempel at namnet Storneset som er
> plassert uti havet eller eit godt stykke innpå landet, faktisk bør
> plasserast på neset. Eller at Mørkskogen og Djupvatnet bør plasserast
> der skogen og vatnet faktisk er. (I regelen er posisjonane så gode at
> det er eintydig kva nes eller skog eller vatn som faktisk var meint.)
>
> > - Bruk av  "no-kartverket-ssr:date". For å være nyttig, må den vel være
> > den siste av alle skr_sndato (skrivemåtenes statusdato) som angår
> > objektid'en, uavhengig av hvilken skrivemåte som er brukt?
>
> Ifølgje importlista er slike ting ikkje velkommen i OSM. Eg har derfor
> følgt regelen om å berre ha med standardtaggane (name=*, natural=*,
> osv.) når eg har brukt data frå SSR, og *ingen* taggar med
> kartverk-/SSR-prefiks. Eg hadde vel helst føretrekt å hatt med ID og
> gjort ting systematisk (spesielt når det gjeld framtidige
> oppdateringar), men dette er til å leva med.
>
> > - Valg av OSM-tags. ssr og osm2ssr bruker hver sine tabeller;
> > https://github.com/huftis/ssr2osm/blob/master/data/objekttypar.csv  og
> > https://github.com/relet/ssr/blob/master/scripts/manual.py#L48-L225
> > Dette er vel ryddigst å starte med på wiki. Enig?
>
> Tja, eg synest «pull requests» til GitHub fungerer vel så bra. Då kan
> ein også diskutera kvar førespurnad på «issues»-sida for førespurnaden.
>
> For øvrig, eg kan godt legga ut kommunevise CSV-filer basert på skriptet
> mitt, for bruk i JOSM og andre verktøy, om folk ønskjer.
>
> --
> Karl Ove Hufthammer
> _______________________________________________
> kart mailing list
> kart at nuug.no
> http://lists.nuug.no/mailman/listinfo/kart
>
-------------- next part --------------
An HTML attachment was scrubbed...
URL: http://lists.nuug.no/pipermail/kart/attachments/20150729/1b6260ac/attachment.htm 


More information about the kart mailing list