Via <URL: https://www.arkivverket.no/nyheter/ny-arkivlov-i-godkjend-i-statsrad > finner en <URL: https://www.stortinget.no/no/saker-og-publikasjoner/saker/sak/?p=102221 > og <URL: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-lov-om-arkiv/id3089927/ > som igjen peker til <URL https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-52-l-20242025/id3089576/ >.
I følge Kultur- og likestillingsdepartementet er endringane er mellom anna:
* Verkeområdet til lova blir utvida. I tillegg til offentlege organ, skal lova også gjelde for andre som fattar vedtak eller gir forskrift – til dømes skal vedtaka til private barnevernsinstitusjonar takast vare på. Andre verksemder som det er av stor samfunnsmessig betydning å bevare arkiva til, kan etter ei konkret vurdering òg bli omfatta av lova.
* Forvaltninga jobbar meir og meir med automatiserte prosessar. Den nye lova sikrar at all digital informasjon som ligg til grunn for eit vedtak, blir teke vare på. Då kan ein seinare sjå korleis vedtaket blei til.
* Arkivverket skiftar namn til Nasjonalarkivet. Namnet synleggjer at etaten er ei landsdekkjande verksemd og tilsynsorgan for både stat og kommune.
* Nasjonalarkivet får fleire verkemiddel. Dei får høve til å påleggje rekonstruksjon av arkivmateriale som har gått tapt, og dei får vedta tvangsmulkt dersom verksemder ikkje følgjer opp pålegg om retting av alvorlege brot på lova.
Noen som har rukket lese (deler av) forslaget og oppdaget noe interessant så langt?