Takk for opplysningane. Då må eg rette det eg har brukt tidlegare. Eg har ikkje språk som fag, så det hender eg treng hjelp. Helsing Kolbjørn
Den 10.09.2018 03:07, skreiv Yngve Spjeld-Landro:
Hjelpeside. Søkjeord på nettet: binde-e/fuge-e.
Sendt fra TypeApp http://www.typeapp.com/r?b=13605 9. sep. 2018 kl. 22:57 skrev "Kolbjørn Stuestøl" <kolbjoern@stuestoel.no mailto:kolbjoern@stuestoel.no>:
Når det på engelsk heiter "help page" bør dette omsetjast med hjelpeside eller hjelpside? Til nå har eg (stort sett?) brukt «hjelpside», men ser at andre brukar «hjelpeside». Ser at stavekontrollen merker hjelpside som feil, utan at det betyr så mykje i denne samanhengen. Eg føler at ei hjelpeside er ei side som kjem i tillegg til ei vanleg side på linje med for eksempel eit hjelpehjul, medan ei hjelpside er ei side som inneheld hjelp. Kanskje eg føler feil? Det har skjedd før. I dette tilfellet gjeld det omsetjing av LibreOffice, men er sjølvsagt aktuelt også i andre omsetjingar. Helsing Kolbjørn --- Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast https://www.avast.com/antivirus ------------------------------------------------------------------------ E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no