Eg fann tilfeldigvis ut at (iallfall) nyare KDE-versjonar støttar mjuke binde
strekar (Unicode-verdi U+00AD) i verktøytips. Ein mjuk bindestrek er eit
teikn som vanligvis er usynlig, men som kan dela eit ord når det kjem på
slutten (men ikkje får plass) på ei linja, og vert då vist som ein vanlig
bindestrek.
Verktøytips / «Kva er dette?»-hjelp i KDE vert vanligvis vist med korte
linjer, og lange ord fører då til altfor ujamn høgremarg. Viss me set inn
mjuke bindestrekar i slike ord (her er eit eksempel: bilethandsamings
program), vil teksten sjå betre ut. Eg har forresten brukt mjuke binde
strekar i heile denne e-posten. (So no kan du sjekka kor godt e-post
programmet ditt støttar standardane.)
Oppsummert: Eg anbefalar bruk av mjuke bindestrekar i lange ord i verktøy
tips i KDE.
--
Mvh.
Karl Ove Hufthammer