Ikkje den heilt store responsen her i forumet på reknearkspørsmåla mine,
men eg prøver med nye innlegg likevel. Denne gongen kanskje litt utopisk
om logiske bit-funksjonar i LibreOffice (LO).
Slik eg ser det, er dei norske omsetjingane språkleg korrekte, men litt
tungvinte. Men det er kanskje ikkje noe å gjere med dette sidan Excel
brukar dei?
Dei to første er etter mitt syn greie:
BITAND -> BITOG
BITOR ->BITELLER
Det er dei tre neste eg kunne tenke meg å forandre:
BITLSHIFT ->BITSKIFTV eller BITVSKIFT (Nå: ikkje omsett i nn,
BITVFORSKYV i nb og Excel)
BITRSHIFT -> BITSKIFTH eller BITHSKIFT (Nå: ikkje omsett i nn,
BITHFORSKYV i nb og Excel)
BITXOR -> BITXOR (Nå: Ikkje omsett i nn, BITEKSKLUSIVELLER i nb og
Excel)
Sjølv likar eg best forslaga eg har skrive like etter ->. Ref. også
tidlegare innlegg her i forumet.
Til språkfolka: Er det nødvendigvis noen språklege skilnader (i denne
samanhengen) på å forskyve tala og å skifte dei? (Eg er ikkje språkmann
sjølv).
Grunnen til at eg stiller spørsmåla er at eg *trur* dei som bruker desse
funksjonane i eit rekneark er vane med dei frå andre samanhengar, og då
gjerne i «kortformane». Eg har ikkje gjort undersøkingar på dette. Men
dei gjeldande formene er kanskje så godt innarbeidde at det er vanskeleg
å forandre dei?
Dette er på ingen måte noe stort problem for meg, bare eit lite ønskje
om / forsøk på å gjere reknearket litt enklare i bruk.
Helsing
Kolbjørn Stuestøl