Hei!
Eg har mekka saman ei lita nettside der ein kan søkja gjennom
nynorskomsetjingane av ein del fri programvare.
Mellombels adresse:
https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/
Dei fleste omsetjingane er frå KDE-programma, og elles er det frå andre
program eg omset / har omsett til nynorsk.
Håpar nettsida kan vera til nytte når ein lurer på kva eit ord eller
uttrykk bør/kan omsetjast til på norsk.
--
Vennleg helsing
Karl Ove Hufthammer
Landet Belarus har i dag skifta offisielt namn på norsk, frå
Kviterussland/Hviterussland til Belarus:
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/hviterussland-blir-til-belarus/id2916…https://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/kviterussland/
Dette er berre eit tips om å oppdatera omsettingane dykkar med det nye
namnet. Eg har gjort det for dei som eg er ansvarleg for (+ i
bokmålsomsettinga av KDE-programma).
Det kan òg vera tekstar som inneheld ordet
kviterussisk(e)/hviterussisk(e), som namn på språket eller som anna
adjektiv (eks. «kviterussiske rublar»). Språkrådet har ikkje komme med
ei tilråding her, men det ser ut til at belarusisk(e) (merk: med
enkelt-s) er brukt. Reknar derfor òg med at det vert tilrådinga frå
Språkrådet, så eg har alt tatt det i bruk i omsettingane.
--
Karl Ove Hufthammer
Har nokon meining om kva me kan kalla ein «loop device» på norsk? Det
vert brukt i samanheng med montering av filer som om dei var fysiske
diskar (med eit filsystem). Sjå
https://en.wikipedia.org/wiki/Loop_device for nærare forklaring. Eit
eksempel (på slike filer) er ISO-bilete
(https://no.wikipedia.org/wiki/ISO-bilde), som er filer som inneheld ein
kopi av innhaldet på ein CD-rom.
Etter det eg forstår, er ein «loop device» *ikkje* sjølve fila på
filsystemet. Det er ei «eining» som vera knytt til ei slik fil.
Eksempel på tekstar eg skal setja om, er «Manage loop devices» og
«Authentication is required to set up a loop device».
Meiningar eller forslag til kva me skal kalla dette på norsk (eller kva
det *vert* kalla)? Det er jo eit ganske tekniske omgrep, så til nød kan
eg bruka «loop-eining». Men eg hadde føretrekt noko meir norsk.
--
Karl Ove Hufthammer
Kva kallar med eit «array» på norsk i disk-/RAID-samanheng? Eg har vel
inntrykk av at ein mest brukar det engelske ordet, som ein ofte gjer i
slike miljø, men eg synest me godt kan ha eit norsk omgrep.
Wikipedia på bokmål og riksmål brukar «matrise»
(https://no.wikipedia.org/wiki/RAID), men det synest eg høyrest ut som
ei feilomsetting. «Array» kan vera ei matrise i matematikk- og
programmeringssamanheng, men det passar vel ikkje for RAID? Ser òg
diskrekke har blitt brukt, eks.
https://www.dell.com/support/kbdoc/no-no/000132392/fremgangs-m-aring-te-for….
Store norske leksikon ser ut til å rett og slett bruka
«RAID-gruppe»/«gruppe» (https://snl.no/RAID_-_datalagring), viss eg har
forstått artikkelen rett. Det høyrest jo ganske enkelt og greitt ut.
Synspunkt?
Eksempel på tekst eg skal omsetta, er «Manage RAID arrays» og
«Authentication is required to remove a device from a RAID array».
--
Karl Ove Hufthammer