I nynorskomsetjinga av LibreOffice er det brukt både «snartast» og
«snøggtast» om tastane brukte i tastesnarvegane. Sjølv har eg ingen
problem med å bruka begge nemningane, har vel sett på dei som eit utslag
av språkleg mangfald, men er det tilrådeleg?
Kan det verka forvirrande på brukarane når det i overskrifta i hjelp
står «Bruk av snøggtastar» medan teksten snakkar om «snartastar»? Skal
ein søke om hjelp, må ein hugse å søke på både «snartast» og
«snøggtast». Unødvendig vanskeleg?
Bør eg velja å bruke berre eitt av namna, og i tilfelle kva for eitt?
Eller kanskje det til og med finst ei anna brukande nemning?
Kva er brukt i andre program?
Mange spørsmål, håper nokon i gruppa har svar.
Helsing
Kolbjørn