Hei!
Eg har mekka saman ei lita nettside der ein kan søkja gjennom
nynorskomsetjingane av ein del fri programvare.
Mellombels adresse:
https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/
Dei fleste omsetjingane er frå KDE-programma, og elles er det frå andre
program eg omset / har omsett til nynorsk.
Håpar nettsida kan vera til nytte når ein lurer på kva eit ord eller
uttrykk bør/kan omsetjast til på norsk.
--
Vennleg helsing
Karl Ove Hufthammer
Universitetet i Bergen og Språkrådet har utvikla ein «termportal», kort
sagt ein søkemotor der ein søka i fleire ulike termbasar samtidig:
https://term.uib.no/
Eg synest sjølve søkemotoren var uvanleg rask og grei å bruka. Så det er
verdt å ta ein tur innom berre for å testa brukaropplevinga.
Det verkar ikkje vera så veldig mange dataord der, men nokre er det, for
eksempel «cache» og «joystick». Og kanskje er det ein del *gamle*
termar? Eg fann iallfall «skjermpilot» som hovudomsetjing av «mouse» i
ein av termbasane. Det hadde eg aldri høyrt før! (Men ordet står faktisk
i Nynorskordboka.)
Ein kan lesa meir om Termportalen på
https://www.uib.no/ub/fagressurser/spesialsamlingene/121707/termportalen.
--
Karl Ove Hufthammer
Via Nasjonalbiblioteket har me gratis tilgang til andreutgåva av
«Svenkerud», dvs. Cappelens Stor engelsk-norsk ordbok:
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2018022007020
Dette vert rekna som (med stor margin) den beste ordboka for omsetting
frå engelsk til norsk. (Boka må ikkje forvekslast med «Cappelens
engelsk-norsk ordbok» eller «Stor engelsk-norsk ordbok» frå andre
forslag. Dei er alle dårlegare.)
Nasjonalbiblioteket har ein søkefunksjon, men han er gjerne mindre
nyttig for å *slå opp* enkeltord (søketreffa viser typisk til tekst i
*forklaringar* for andre søkeord). Ein kan bla, men boka er på 1329
sider, så det er litt upraktisk. For eigen bruk har eg derfor laga eit
lite og primitivt bash-skript for å gjera oppslag litt kjappare, som eg
her deler:
#!/bin/bash
oppslag=$1
startidx=(0 19 87 169 287 351 393 461 511 559 601 613 623 677 745 771 809 \
913 919 989 1147 1227 1253 1267 1315 1315 1320 1321)
bokstav1nr=$(( $(printf '%d' "'$oppslag") - 96 ))
bokstav2nr=$(( $(printf '%d' "'${oppslag:1:1}") - 96 ))
kapstart=${startidx[$bokstav1nr]}
kapslutt=${startidx[$(( bokstav1nr+1 ))]}
side=$(( kapstart + (bokstav2nr - 1)*(kapslutt - kapstart)/26 ))
xdg-open "http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2018022007020?page=$side"
Ein oppgjev ordet ein vil slå opp, som førsteargument. Viss ein for
eksempel legg skriptet i ei fil med namnet «eng» (for «engelsk»), vert
det altså
./eng translate
for å slå opp ordet «translate». Men merk at skriptet berre ser på dei
to første bokstavane i oppslagsordet. Det brukar første bokstav til å
velja rett kapittel (hardkoda liste med sidetal) og gjettar seg til
sidetalet for oppslagsordet ved lineær interpolering basert på andre
bokstav (altså under den ganske urealistiske føresetnaden at alle 26
andrebokstavane er like hyppige i orda som begynner med
førstebokstaven). Det fungerer i praksis *greitt nok*. Ein hamnar gjerne
nokre sider før eller etter oppslagsordet, men ein kan kjapt bla til
rett side med venstre- og høgrepiltastane (første og siste oppslagsord
på kvar side står oppe til venstre og høgre).
Håpar skriptet kan vera til nytte. Merk at ordboka er frå 1988, så alle
moderne dataord manglar. Men det er overraskande kor mykje
dataterminologi som var på plass allereie i 1988 (ordboka inneheld 3750
dataord som oppslagsord). Og dei fleste andre engelske orda og uttrykka
ein kjem over, skal vera godt dekte.
--
Karl Ove Hufthammer