Kva skal vi kalle verktøyet «Cage» / «Cage transform»?
Funksjon:
/Blir brukt til å deformere deler av eit bilde ved at ein teiknar ein
bane (strek) rundt området som skal deformerast ved å avsetje punkt kvar
gong retningen til banen endrar seg. Når banen (streken) er slutta, dvs.
komen tilbake til utgangspunktet, kan ein flytte dei ulike punkta i alle
retningar for å lage deformasjonen./
Det er eit verktøy som kjem i versjon 2.8 av bildeprogrammet GIMP.
I Photoshop blir eit tilsvarande verktøy kalla "Free Transform Tool".
GIMP har andre verktøy i tillegg for å transformere bilde i ulike
former. Desse har fått namn etter funksjonen: forskyvingsverktøyet,
perspektivverktøyet osv.
Bør vi halde på denne tradisjonen og kalle det
«Transformeringsverktøyet» eller bør vi rett og slett omsetje ordrett
til «bur» eller noe liknande? Eigentleg er eg tilhengjar av korte ord,
men dei må vel fortelje brukarane noe også.
På tysk og fransk har dei vald å bruke «bur» (dvs. «Käfig», «la cage»).
Namnet på funksjonen er førebels (pr. 29.5.2012) ikkje omsett til
bokmål, svensk og dansk.
Helsing
Kolbjørn Stuestøl