Hei!
Er det nokon her som tilfeldigvis har ein fullstendig dump av
SVN-depotet til Skulelinux? Det var altså der me hadde versjonskontroll
på blant anna fellesordlista:
http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html
Adressa var developer.skolelinux.no (Subversion) og tidlegare
cvs.skolelinux.no (CVS).
Eg har ein *delvis* dump, som eg tok i 2018 (med svnrdump, trur eg), men
denne omfattar berre www-mappa. Og det viser seg at blant anna
fellesordlista opphavleg låg *utanfor* denne mappa. Den første
innmeldinga eg har for fellesordlista, er:
Date: Sun Oct 16 10:23:46 2005 +0000
Move i18n directory to directory with full site name.
Så viss ingen har ein komplett kopi av depotet, er historikken før 16.
oktober 2005 gått tapt. I e-postlista finn eg første referanse til
fellesordlista i ein e-post frå Axel Bojer i mars 2002. Han skreiv då:
Grunnlaget har vært listene som alt ligger på
i18n/skolelinux... Spesielt den danske (den er stor og informativ).,
dessuten
har jeg sett litt i «mitt dataleksikon» og synset. Hensikten med
dette er […]
--
Karl Ove Hufthammer
Hei!
Eg har mekka saman ei lita nettside der ein kan søkja gjennom
nynorskomsetjingane av ein del fri programvare.
Mellombels adresse:
https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/
Dei fleste omsetjingane er frå KDE-programma, og elles er det frå andre
program eg omset / har omsett til nynorsk.
Håpar nettsida kan vera til nytte når ein lurer på kva eit ord eller
uttrykk bør/kan omsetjast til på norsk.
--
Vennleg helsing
Karl Ove Hufthammer