Eg har samla ein del info for omsetjarar på
<URL:http://i18n.skulelinux.no/omsetjar.html>. Eg set pris på kommentarar
og innspel, særleg til dei generelle omsetjingstipsa:
-------
Sjølv om den engelske teksten er inkonsekvent og dårleg, treng ikkje
omsetjinga vera det. Her er eit par reglar me prøver å følgja i dei norske
omsetjingane:
- Me brukar helst «slike» hermeteikn (AltGr-z og AltGr-x i vanleg norsk
tastaturoppsett).
- Engelsk brukar svært ofte «please», på norsk treng me oftast ikkje bruka
det ordet i det heile. (Me er ikkje mindre høflege, men uttrykkjer det
gjerne på andre måtar ;-)
- Ropeteikn i feilmeldingar er uhøfleg, og bør ikkje brukast!
- Ropeteikn, spørjeteikn, kolon og liknande skal aldri ha mellomrom føre
seg. (Ofte eit teikn på at den engelske teksten er skriven av ein
franskmann.)
- Me Brukar Ikkje Store Førebokstavar i menyar.
- Ver ikkje redd for å bruka eit mindre teknisk språk enn originalen.
- Viss du er i tvil om ei omsetjing, marker ho som uklar («fuzzy»), og
skriv gjerne ein kommentar slik at du hugsar å retta det seinare.
-------
Med helsing,
Gaute Hvoslef Kvalnes