LibreOffice har også ei online-utgåve. I filene som skal omsetjast for
dette programmet er det brukt ordet "dashboard". Er det nokon som har
tilgang til programmet som kan finne ut kva dashboard er i denne
samanhengen? Ordet er ikkje oppført i fellesordlista.
Diverre er vi ikkje nok kundar i området der eg bur til at vi får
tilgang på skikkeleg Internett. Difor kan eg ikkje prøve ut denne utgåva
av LibreOffice.
Ordet er omsett slik i
bokmål: Dashboard (ja, det står oppført som omsett)
dansk: Instrumentbræt
svensk: Instrumentpanel
tysk: Übersicht
Eg meiner å hugsa at dette ordet har vore diskutert i dette forumet
tidlegare, men finn ikkje tråden.
Helsing
Kolbjørn